Lerkesong i desember

Share

Eg måtte sjå programmet om Sivle om att i dag. Då la eg merke til ein episode eg ikkje hadde merkt meg med første gongen. Oddgeir Bruaset fortalde at Sivle og Garborg var på besøk hos Hovden på Lista. Dei gjekk ein tur på dei flate slettene ut mot havet, som jo er kjende for fugletrekket. Alle tre skreiv sidan songar om lerka. Eg har funne to av diktarane sine songar, men Hovden sin hugsar eg ikkje, så det vert med Garborg og Sivle i kveld og så ei lenke til verten deira til slutt.

Sivle: ( http://nn.wikipedia.org/wiki/Per_Sivle )

Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på våren med ein einaste gong.
«Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!»

Og vesle lerka, ho hev det slik
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
«Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!»

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkar so glad
vår herre for maten, med kvitter og kvad
«Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!»

Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i soltru å kveda med deg:
«Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili-tirili-ti!»

Garborg ( http://nn.wikipedia.org/wiki/Arne_Garborg )

**Vaardag**

Aa nei, for Himil rein og klaar!
Aa sæle meg, no er det Vaar!
No spelar Liv um Land og Strand;
aa sæle meg, at upp eg vann!

Aa nei, for Dag vaar Herre gav!
So skirt um Fjell, so svalt i Hav!
So linn ei Luft, so høgt um Haug!
Og dette sæle Solskinslaug!

Aa nei, eg høyrer Lerka slaa
upp under bleike Himilblaa;
mot Kvelv ho stig med Songen sin;
snart naar ho visst i Himlen inn.

Sjaa Maaken ror fraa klaare Nut
i stille Tak mot Havet ut;
og Fugl det kvitrar, kved og syng
i Tun og Tre, i Lund og Lyng.

Og aa, som Soli lognar trygg
som Varmeflaum um Barm og Rygg!
Og gjenom all den milde Dag
det mjuke, salte Havsens Drag!

Det brydder Straa, det sveller Knupp,
og Sevja stig i Treet upp;
ein Daam det vaknar søt og tung …
Aa sæle meg som er so ung!

To vers frå **Fuglar**

Tirli-ti! segjer Lerka,
ho stig og stig imot Sky.
Kvar Gong ho tirlar i Morgonstundi,
daa verter Verdi ny.

Tirli-ti! segjer Lerka,
ho sviv under Kvelven fritt.
Kvar Gong ho tirlar i Morgonstundi,
det kitlar i Hjarta mitt.

Hovden (http://no.wikipedia.org/wiki/Anders_Hovden)
http://www.farsunds-avis.no/artikkel.asp?Artid=21127