Meir lerkesong

Share

Eg fekk ein mail som fortalde om tittelen Hovden sin song, og då måtte eg leite fram **Alvestad: Norsk songbok**.
http://no.wikipedia.org/wiki/Olaus_Alvestad

Der fann eg songen av Anders Hovden:

Å nei, eg høyrer lerka
for fyrste gong i år!
Ned frå ein vinterhimmel
ho kved så kvat om vår.
Og dimt det er i lufta
og skodd har sola dult,
men den velsigna fuglen
han kvitrar like fullt.

Det bankar så, mitt hjarta,
og hugen tung og sår.
han opnar seg med fysne
for tankane om vår.
Og midt igjennom mørker
og kjøld og skoddedriv
det livnar sælt for augo,
det glade vårens liv.

Det fløymer over landet
med sol om vang og voll,
og gauken sit på greina
og gjel frå koll til koll.
Og gjennom bjørkeskogen
det brusar song og frygd,
og høgt går lyst og glede
utover kvar den bygd.

Å Gud, lat meg få syngja
som litle fugl i sky
alt under vinterhimmel
om vår og sumar ny.
Og stoggar ein og lyder
med hugnad til mitt kvad
og kjenner vår i hugen,
då skal eg vera glad.

Det er lett å verte forvirra av songane til Hovden og Garborg, for begge har linja **Å nei, eg høyrer lerka**. Men Garborg utvidar med ordet slå: **Å nei, eg høyrer lerka slå** og får dermed ein heilt annan rytme i songen sin, han startar med tre lette stavingar før trykket vert lagt på **høyrer**, medan Hovden får bare ei lett staving før ordet **nei** får trykk.

Kvar for seg har dikta nerve og bodskap, så får du velje om du vil late Garborg, Hovden eller Sivle sine lerker inspirere deg i året som kjem.