Buplikt

Share

I kveld var det kommunestyremøte i Valle. Som vanleg vart det overført i Valle Radio, Inga Flateland var teknikar og med øvd hand sikra ho at lyttarane best mogleg skulle få høyre gullkorna frå politikarane.

Eg sette på radioen like etter klokka 18 og då var dei alt komne til saka **Ordføraren orienterer**. Deretter var det i rask rekkefølge **Møteplan 2008**, **Søknad om permisjon frå vervet som varaordførar**, **Bykle og Valle lensmannskontor – uttale i samband med moglege endringar i bemanninga**, **Seniorpolitisk plan for Valle kommune**, **Deltaking i kommunal oppreisingsordning for tidlegare institusjons og fosterheimsbarn**, **Revidert kommunedelplan 2008-2011: Anlegg og område for idrott og friluftsliv**.

Alle desse sakene gjekk raskt unna, men saka om møteplan fekk eit tillegg om at februarmøtet skulle drøfte bustadpolitikken i kommunen på eit ope møte.

Ut frå dette var det naturleg at dei to siste sakene på kartet var imøtesett med stor interesse. Det var **Klage på vedtak i sak PS 118/07 – Bupliktbestemmelser i Brokke Grendefelt** og **Kommunal bustadpolitikk og konsesjonsgrense 0**. Klagen vart oppretthalden utan kommentarar etter det eg fekk med meg, der eg sat og høyrde på radioen.

Så var det spørsmålet om konsesjonsgrense 0. Fyrste talar var Liv Tanche-Larsen frå opposisjonen. Ho er gruppeleiar i gruppa til Arbeiderpartiet, som i denne perioden er på tre representantar, same storleik som Kristeleg Folkeparti. Liv ville gjerne ha saka utsett til etter møtet i februar, der ein hadde hatt høve til å gå gjennom spørsmålet grundig. Ho fekk fylgje av Ragnhild Nomeland frå Senterpartiet si gruppe, dei var fire til stades i møtet.

Eg kunne ikkje sjå kva som skjedde i salen, om det var andre som ville ha ordet. Men ordføraren hadde fått med seg at når det er kome eit utsettingsframlegg, så må det takast opp. Men han opna for eit gruppemøte på fem minutt før ein gjekk til avrøysting om utsetting. Det gav høve til ein liten jolesong på radioen, og då tenkte eg at eg ville gå ned i kommunestyresalen og sjå på debatten, ikkje bare høyre den. Før eg kom meg av garde, hadde ordføraren teke opp saka, og utsettingsframlegget fall etter at det bare fekk 7 stemmer.

Då Torleif B. Harstad kom på talarstolen i debatten om framlegget, var han svært lei seg for at det ikkje var blitt fleirtal for utsetjingsframlegget. Han var engasjert i innlegget sitt, men toget var diverre gått, så han måtte då seie at han kom til å stemme mot rådmannens framlegg. Debatten i saka vart nokså kort, det vart nokre få innlegg, men resultatet vart (mot sju stemmer) som innstillinga frå rådmannen:

Det vert ikkje søkt om å innføre forskrift om nedsette konsesjonsgrense (0-konsesjon) i heile eller i delar av Valle kommune. Rådmannen vert beden om å arbeide ut ny standard kjøpekontrakt for tomter i kommunale bustadfelt. Råmannen vert i samband med dette beden om å vurdere moglege spesialvilkår for sal av tomter i Brokke grendefelt.

Med det var møtet slutt. Det stod att å lese opp protokollen, deretter sessa kommunestyret og tilhøyrarane (det var ikkje mange, fire-fem personar) seg i matstova for å nyte Jorunn Lund Harstad si suppe med lefse eller potetkake, som er fast servering på desembermøtet. Dei aller fleste stoppa på det arrangementet, og praten gjekk livleg rundt borda både under suppe-eting og etterpå, då det var kaffe og jolekaker på bordet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *