Bygda med dei gode tennene

Share

Ei av gledene med jolegåver er at dei kan gje nye opplevingar. Ei slik oppleving hadde eg i dag, då eg sette meg til å sjå DVD-plata: **Nordmennenes egen historie: Opplevelser fra Sørlandet fra 1905 til i dag.** Du finn informasjon om den på Internett, sjå
http://www.egenhistorie.no/view.php?template=publications&page_id=2&chapter_id=25

Denne plata har ein filmsnutt om **Bygda med de gode tennene**. Den er henta frå Valle, der ein det fann stad ei tannundersøkjing i 1937. «Distriktslegen, helsesøsteren og professoren studerer tenner i Valle, 1937», heiter det i omtalen av filmen. Vi fekk vere med og sjå korleis dei åt hos familien Homme, det var mat som ikkje øydela tennene: Braud og melk. Dei braut flatbrød og hadde i melka, det såg i grunnen ganske godt ut.

Vel 6 minutt om tannhelsa i Valle, men ei rekke personar, dei fleste av desse er nok gått bort no.

Ein tanke om “Bygda med dei gode tennene”

  1. Ja, bror min Torgrim og eg vart undersøkte av dr. Toverud den gongen. Torgrim hadde den gode Toverud som lærar på Tannlegehøgskulen i Geitemyrsvegen i si tid. Eg minnest at grannane Knut og Eivind K Homme var med på filmen som eg i si tid som kulturkonsulent i Valle kommune fekk over på videokassett ilag med andre amatørfilmar og meir profesjonelle, der også filmar av Ånund Solbakk vart kopierte over til VHS.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *