Hunnen og hunden

Share

I dag har det vore ein fin dag på Sørlandet. Men to bilistar vil nok hugse dagen som dagen dei køyrde utfor Tregdeveien.

Den fyrste hadde vore i Mandal og var på veg heim. Ho hadde ei venninne med seg og barn i baksetet. I staden for å frontkollidere med ein møteande bil, tok ho sikte på grøfta utanfor huset mitt, og unngjekk bilen min med ein halv meter då bilen hennar vart liggjande på sida. Bilistar som kom forbi hjelpte henne å velte bilen på rett kjøl att, og så kunne ho kjøre vidare. Om den bilen som ho unngjekk å kollidere med, oppdaga kva som skjedde og fekk stoppa, er eg litt usikker på.

Vel ein time seinare høyrde vi eit smell. Like etter stoppa ein annan bil utanfor hos oss, så vi skjøna at noko hadde skjedd, men kunne ikkje sjå det frå vindauga. Då eg kom ut, stod ein bil på tvers over vegen, støtfangar og glass låg i vegen og ei ung jente stod med tårer i augo og litt skjelvande i vegkanten.

Bilistar som kom til fekk skuva bilen til sides slik at trafikken kunne kome forbi. Men då det rant bensin eller olje ut av bilen, vart NAF kontakta for å hente bilen. Fyrste bilen som kom til etter uhellet, var det ei jente som køyrde. Ho hadde hunden med seg.

Medan hunnen var ute, kom hunden fram i førarsetet og ville sjå kva som skjedde. Då hunden stod på to bein i setet og såg ut sidevindauga, trykte han på knappen som låste dørene på bilen. Dermed var hunnen utelåst, bilen sveiv med låste dører og hunden inni. Hunnen måtte då ringe til hannen i Mandal og be han kome med reservenøkkelen, og hunden i bilen og hunnen utanfor fekk 20 lange minutt før hannen hadde funne reservenøkkel og kome til unnsetning på det glatte føret.

Av dette har eg trekt ut tre lærdomar:

Moral 1: Ikkje få deg hund.
Moral 2: Om du har hund, så ta han ikkje med i bilen utan å setje han i bur bak.
Moral 3: Ikkje send hunden med hunnen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *