Jol i Setesdal 2007

Share

Så er joleheftet kome. Som vanleg er det ei teikning av Olav Bjørgum som prydar framsida, men inne i bladet er det færre illustrasjonar av han enn det vi har vore vane med å finne. Mange av oss finn ekstra glede i bileta hans. I år er dei bare å finne på side 17, 27 og 50.

Men det slår meg at det er mange bilete i Jol i Setesdal i år. Soga om Valle frilynde ungomslag og ungdomshuset Valhall av Bjug Åkre har fire bilete, det eine er til og med frå då huset vart brend. Torhild Austad sitt stykke Drama i Drivslid har og fire bilete, medan framhaldet av artikkelen som Birgit Skjevrak Skeie starta i fjor om Glimt frå den “gamle” Strondelene har heile fem.

Bjarne Tveiten har to artiklar i Jol i Setesdal i år. Den eine er om Vatnedalen i Bykle, den andre om Pilegrimsvandring til Røldal sommaren 2007. I den siste krydrar han stoffet med stev, dei dreg lesaren inn i artikkelen, og plutseleg har du opplevd litt av turen i lag med Bjarne.

Arne T. Aabø har skrive om Gjermund Kjetilsson Harstad, – ein heluve av ein setesdøl i Telemark. Olav M. Holen presenterer ein tekst av Axel Krogh i artikkelen Dei gamle fjell i syningom. Som vanleg dei siste åra er det ein kryssord og barnesider. Denne gongen er det elevar ved Bygland skule som har laga barnesidene.

Gunnar Hillestad fortel om På besøk hjå kunstnarparet Kohler. Salve Øina skriv om Skrivarfullmektig og moromann Salve Moy. Anne Løyland Haugå skriv om Eli Bø, meistervevaren frå Valle og Jørgen Løvland har ein artikkel om Eidsvollsmannen Olav Knutson Tveiten.

Frå Nordahl Rolfsens lesebok er forteljinga Guteliv om Targjei Gunnarson Kolshus frå Bygland teke med. Andres Helle har skrive om Knut Jonson Heddi, “ein mangslungen kar” i høve at det i år var 150 år sidan han vart fødd. Til slutt få me Olav Fjellestad som fortel om si fyrste elgjakt, ført i pennen av Rita Flottorp.

Men eg minner og om to dikt av Paal Vollen. Dei er jolerelaterte, Solsnu og Joleminne. Dikta hans er alltid til ettertanke.

Jol i Setesdal sine annonsar er kultursoge med dei mange steva. Også i år er dei med, mange av dei same frå år til år, men nokre nye kjem til. Dei er verd eit studium kvar einaste jol.

I år kostar det 60 kroner. Overskotet vert delt mellom mållaga i Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *