Frå gråberg til gull

Share

**Kommunestyremøte januar 2008**
Dette møtet starta med ei orientering av Tarjei Haugen om Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane. Det var i grunnen inspirerande å høyre, for han hadde sett at Staten er oppteken av at lokale verneområde skal vere ressursar for bygdene, ikkje leggje ei klam hand over dei. Han hadde ei rekke tiltak som ein arbeider med for å få det til å skje.

Mellom anna var det tale om ein rasteplass ved Roskrepp, det køyrer 2000 køyretøy forbi der i høgsesongen. Ved Håheller er det tale om å utvikle eit område for å syne korleis folk nytta heia før. Den store fisken i Nutevatn kunne og vere attraktiv for nokon, meinte han.

**Bok**
Det vert no arbeidd med ei bok som skal nyttast ved leirskulane som ligg i tilknytning til området, Gullingen og Knaben. Det er og eit visst arbeid i gang for å få til ein leiskule ved Bjåen fjellstove.

Frå gråberg til gull er tittelen på arbeidet ein gjer for å peike på måtar ein kan utnytte området på. Det er vanskeleg å få så mange aktørar til å gå i same retningen, mange kommunar og fylke er involvert i arbeidet, og det er vanskeleg å halde kontinuitet når politikarar vert bytte ut ved val. Difor arbeider dei med ordningar for å få til større kontinuitet.

**Nasjonale turistvegar/ rundturar**
Dette er eit tema som ein er oppteken av. No går ein slik veg i Ryfylke, men stoppar i Røldal. Det hadde vore greitt å knytte vegen til Suleskard inn i dette prosjektet, gjerne med tilknytting i Løysebotn, som er ein stor turistdestinasjon.

Å gje eit fullgodt referat av alle tema Tarjei Haugen var innom, er ikkje mogleg. Men det var interessant å høyre på, sjølv om ein kanskje ikkje er så oppteken av landskapsvernområdet i det daglege, skjer det mykje i denne samanhengen som vi godt kan få vite meir om. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Setesdal_Vesthei_-_Ryfylkeheiane_Landskapsvernomr%C3%A5de

Program for veke 5

Share

**Tysdag 29. januar**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret.
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen. Oskar Skarsaunet
19:30 Musikk og lyrikk. Frå Hellbillies til Olav H. Hauge
19:50 Salmer. Hans Inge Fagerviks sanger
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Musikk frå renessansen i Spania og Portugal.
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 30. januar**
Teknikar: Inga Flateland
18:00 Kommunestyremøte

Det gode liv

Share

Når ein til vanleg lever det gode liv på Agder, opplevest ein tur til Oslo som ei kjærkomen avveksling. Difor drog me på tur til Tigerstaden denne helga, skulle besøke barn og barnebarn og få ein dose storbyliv på kjøpet.

Å kjøre bil i Oslo i helga er overkommeleg, særleg når ein kjem inn på kveldstid fredag og bare tek ein handletur tidleg laurdag. Då er det råd å finne fram, og trafikken er ikkje større enn at ein kan gjere eit par feil utan katastrofale fylgjer.

Men om borna har det godt, er det ikkje fritt for at dei gamle nokså raskt ynskjer seg til sørlegare breiddegrader. Ikkje bare er det mindre is rundt huset vårt i Mandal, i alle fall sist i januar 2008, der snøklokkene alt spirer. Men trykket i storbyen er ulikt det vi er tilpassa, så vi føler det hektisk sjølv om borna våre neppe føler det slik.

Det gode liv er å ha familie og vener ein kan besøke, det hadde vore einsamt å ikkje hatt dei. Men det er godt å kome heim att og få livet i det vanlege sporet att. Det skal vi gjere i morgon. Då går turen til Valle, og snart er det vanleg skuledag og tysdagssending i Valle Radio att.

Mykje vér

Share

Denne helga er det mykje vér i Noreg. Stormen Sondre gjev assosiasjonar til ein mykje brukt songar i Valle Radio, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Sondre_Bratland Vi drog til Oslo denne helga og kunne høyre om folk som var innesnødd på ein av fjellovergangane mellom aust og vest i landet.

Haukeli og Rotemo-Skafså var og stengd, då kom Sondre nærare enn vi likte.

Valle Radio har ikkje vermelding. Det er sjeldan vi snakkar om veret. Men veret er jo eit tema som alle er opptekne av, så om vi hadde laga eit verprogram i radioen, kunne sikkert nokre lyttarar hatt glede av det. Å høyre Olav Nomeland fortelje om leiting etter bortkomne personar i fjellet, var fengande og interessant, og vi kunne truleg hatt fleire slike program.

For ein som er glad i fast grunn under føtene, har veret i Mandal denne veka vore nesten perfekt, i alle fall i høve til tida på året. Ikkje har vi fått havet inn i kjellaren heller. Så får det våge seg av vi ikkje kan skryte av å få aure der heller, den er billeg og god frå frysedisken.

Men det går mot vår, dagane blir lysare og lengre.

Eit handikap

Share

Å skrive ein blogg frå Valle Radio når ein ikkje kan høyre sendingane, det er eit handikap. Det er ikkje moro. Situasjonen denne veka er at eg ikkje er i Valle og ikkje har hatt høve til å få høyre på Internett, så om eg skal kunne dokumentere kva som har skjedd i kveld, må nokon skrive det for meg og sende meg ein epost som eg kan legge ut på bloggen, eventuelt redigere så den høver til eit innlegg her.

Eg er altså i Mandal denne veka. Eg har gleda av å vere ein av dei få utvalde som får oppleve krampetrekningane til Mandal Sjukehus. Det skal leggjast ned til påske, men dei har oppfylging av folk som treng hjelp for hjarte, lunge eller vekt, og eg får vere med på ei slik gruppe. Eg var jo inne før jol og, no møtest me att, og det er svært interessant og motiverande. Midt i ei tid der dei har mist jobb og ikkje kan rekne med å få vere med når opplegget flytter til Kristiansand, inspirerer personalet oss med humor og alvor, med turar og trening. Sjølv om vi les i politiske sentrale vedtak at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, reknast ikkje Mandal Sjukehus lenger som lokalsjukehus og kan difor leggjast ned sjølv om brukarar og ordførarar protesterer. No skal Ansgar Gabrielsen, som har vore helseminister, hjelpe Mandal med å finne eit opplegg slik at anlegget kan verte brukt og ikkje blir ombygd til bustader.

Norske attraksjonar

Share

Europas sørlegaste villreinstamme var tema i beste sendetid i NRK1 i kveld. Det var eit interessant program som sette søkelyset på villreinen i Setesdalsheiane. Ettersom programmet delvis gjekk på same tid som handballkamp på TV2, såg eg ikkje alt, men noko av det eg såg, var interessant. Dei hadde intervjua tidlegare sekretær i sekretariatet for Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane, Signe Sollien Haugå og fleire andre. Vakre naturbilete frå heiane var det også.

Mange meiner at villreinen i heiane har betre vern enn menneska i Setesdal. I programmet fekk vi litt perspektiv på dette, det vart sagt at stammen er unik i europeisk målestokk, for etter kvart som det har blitt varmare, har villreinen trekt seg attende, så no finst det bare ei stamme i Noreg att, elles er det tamrein.

Spørsmålet er om ein skal ta vare på stammen, eller om vår eigen bruk av heiane skal drive stammen bort frå regionen. Kanskje kunne det vere eit tema å diskutere i Valle Radio og.

Den globale landsby

Share

Då eg laurdag etter styremøtet i Valle Radio sette meg i bilen for å reise heim til Mandal, tok eg cd-plata med kart ut av DVD-spelaren og ville spele musikk frå spelaren på dashbordet i bilen. Då kom det opp ei side som viste posisjonen eg hadde i lengde- og breiddegrader. Opp til åtte satelittar fylgde med meg på turen.

Eg tenkte ikkje over det med det same, men etter kvart kom eg til å tenkje på at eg kunne jo notere ned nokre posisjonar etter kvart som eg kom til stader eg tenkte hadde artiklar på wikipedia. Frå Storstraumen skreiv eg så ned kartposisjonar, ikkje så mange, for eg ville prøve meg fram.

Vel heime gjekk eg på datamaskina og skreiv inn Storstraumen, Lauvdal og Fånefjell, som har artiklar på wikipedia. Den malen som ein nyttar der, gjev meg høve til å finne kart, anten på google maps eller på kart i telefonkatalogen.no sine sider eller i fleire andre karttenester. Eg skreiv altså inn desse posisjonane, og då eg gjekk til karta, stemte dei. Den neste som kjem på artikkel om Storstraumen på wikipedia, vil kunne gjere det same og få opp lokalisering av denne spesielle staden. Sjå øverst oppe til høgre på artikkelen: http://no.wikipedia.org/wiki/Storstraumen

Det som er spesielt med wikipedia er at kvar dag vert denne nettstaden oppdatert med fleire tusen oppdateringar av denne typen eller av andre små og store redigeringar. No nærmar norsk wikipedia på bokmål seg 150.000 artiklar, på nynorsk er det snart 30.000 artiklar. Ikkje alle, men svært mange av dei lenkar til artiklar på andre språk, og på engelsk er det meir enn 2 millionar artiklar. Til saman vert dette ei stor kjelde med informasjon som ein kan ause av heile døgeret.

Ein person i Australia kan lese norsk, våre utanlandske innbyggjarar i Valle finn stoff på sitt språk, anten det er tysk, russisk, persisk eller arabisk.

Og folk kan sitje i USA og høyre Valle Radio, nett medan sendinga går føre seg kan dei ringe inn svar på rebusane frå Kristiansand og Nederland og Antarktis om så er. Den globale landsby er eit høveleg omgrep i denne situasjonen.

Lokalt produsert stoff

Share

Eit av spørsmåla i samband med søking om ny konsesjon, er om det ein skal sende er lokalt produsert. I konsesjonssøknaden skriv vi at vi frå Valle Radio si side har om lag 9 timar sending kvar veke, av dette er ein time som ikkje er lokalt produsert. Det er Noreamagasinet og Møteplassen, som eg sender tysdagskveldane. Elles er det aller meste lokalt produsert. Dei ser på halvtimesbolkar, og då fell halvtimen med Over ein open Bibel i lokal bolk, for den er på ti minutt tilsendt. Å spele musikk med eigne kommentarar er lokal produksjon etter definisjonen deira.

Det er jo ganske imponerande at ei lita bygd som Valle kan klare å få til så mykje lokalt produsert stoff. Det har vi snakka om mange gonger, og dei som ikkje er involvert, undrar seg. Men det syner seg at det er råd å finne nye ting og vinklingar på gamle ting kvar veke, så vi sender svært sjeldan repriser. Ulikt NRK som stadig sender repriser, har vi ein profil utan det.

Eg har mange gonger tenkt at om NRK hadde gått over til å ha **nye** nyheter kvar time i staden for å sende det som dei sendte ein time tidlegare, hadde folk blitt meir opptekne av å få med seg siste nytt på NRK. No er vi mange som tenkjer at det er ikkje så viktig å høyre på radio, for dei same saken kjem opp att.

Slik er det ikkje i Valle Radio, høyrer du ikkje på sendinga vår onsdagskvelden, så misser du det. Difor vil vi prøve å få til podcast, slik at det skal vere mogleg å få med seg noko i alle fall. Elles er det bloggen, då. Men eg klarer ikkje skrive slik at alt vert dekt, det har eg sett i augene for lenge sidan.

Og meir vert det ikkje i kveld heller.

Internettsidene våre

Share

Det har lenge vore eit sakn at vi ikkje har hatt oppdaterte Internettsider. Styret har drøfta situasjonen og vil gjerne kome i gang med heimsida att. Vi vil gjerne ha podcast på den, og då må vi finne eit nytt system, for det noverande systemet har ikkje støtte for slikt. Vi har funne ut at vi må halde fram med streaming som vi gjer no, men vi vil prøve å få podcasting og. Målet er å få det opp i god tid før påske.

Internett er blitt mykje viktigare i samfunnet, Då vi starta Valle Radio i 1997, hadde vi ein datamaskin i radioen. Der hadde vi lagt inn databasen for musikken, og så kunne vi lett finne fram til cd-platene vi hadde. I tredje etasje på det gamle kommunehuset var det ikkje plass til særleg mykje, men vi tykte det var svært godt å ha den hjelpa.

Så flytta vi ned til vårt noverande radiohus. Etter kvart fekk vi heilt andre tilhøve. No har vi lagt inn svært mykje av musikken vår på datamaskin som er kopla direkte til miksebordet. Det betyr at vi kan spele musikk utan å nytte cd-spelar. Ettersom det er lite plass på mikseborde, vart den eine cd-spelaren kopla frå for å få to spakar til å spele musikk frå datamaskina, I tillegg har vi ein for å kunne spele jinglar. At eg i tysdagssendingane gjerne skulle hatt to cd-spelarar er ei anna sak. Då kunne eg skifta mellom Over ein open Bibel-programmet og Noreamagasinet utan å ha reklame frå minidisk mellom.

Men eg skal ikkje klage, då vi starta fekk vi programma frå Norea på kasett. Så den digitale revolusjonen har endra kvardagen vår i radioen. No har vi to datamaskinar direkte kopla til miksebordet og ein som er lager for musikken. Frå den sender vi kvar kveld musikken til mappa Kveldsmusikk. Eg skulle tru at ein vanleg onsdagskveld er 80% av musikken frå datamaskina.

Av den grunn har vi og bestemt å oppgradere datamaskinane våre. I tillegg skal vi få ein eigen PC i studio til å ta imot SMSar. Til no har vi lånt det til påskesendingane.

Den digitale revolusjonen er komen for fullt til Valle Radio, og snart vil du sjå det på heimesida vår også.