Blomar og gåver

Share

Frå i dag er det ny eigar av Blomar og gåver.

12. desember skreiv eg:
Nina Brottveit gjev seg med drifta av Valle blomar og gåver etter jol. Då tek Ann Iren Aase Hoslemo over. Dei kom i radioen og fortalde om dette, Nina takka alle gamle kundar for god handel og Ann Iren, som er utdanna blomedekoratør og arbeidde på Ålgård Blomster før ho flytta frå Bryne til Setesdal, ønskte folk velkomne innom når ho overtek. Ho er alt kjent med butikken, ettersom ho har arbeidd der i haust. Nina ser fram til dagar utan ansvar og tek sikte på å nyte fritida ei stund før ho ser seg om etter noko nytt arbeid.

Frå Valle Radio vil eg gjerne takke Blomar og gåver/Nina Brottveit for samarbeidet. Valle Radio har hatt godt samarbeid med dei/henne i mange år. Vi reknar med at samarbeidet vil fortsetje med ny drivar. **Ann Iren Hoslemo** kjenner alt det meste som skjer rundt butikken, ho har fått med seg mykje i jola. No vonar vi at ho vil lukkast i å drive butikken så godt at det vert eit langt eigarskap og god lønsemd.

Godt nytt år

Share

Så er det tid for å helse Godt nytt år til alle som les bloggen min. I desember var det 5.350 innom, de las på 20.383 sider. Eg hadde vona at det totale talet på sidevisningar skulle passere 200.000 før nyttår, men det stoppa på litt over 196.500. Ettersom det kvar månad sidan i sommar har vore over 15.000 sidevisningar, skulle eg tru at det tippar 200.000 den fyrste veka av det nye året.

Eg set stor pris på at det er så mange som les på bloggen. Det gjev meining til å halde på. Sjølv om eg av og til lurer på kva eg skal skrive om, har det i grunnen gått greitt å finne emne som kan danne grunnlag for nokre linjer. Til saman er det no 813 innlegg. Kommentarar har det og kome fleire av etter kvart.

Når vi no startar eit nytt år i Valle Radio, veit vi ikkje kva som ligg og ventar oss i det nye året. Som eg skreiv på bloggen i romjola er det tid for å søkje om ny konsesjon for alle lokalradioane. Her er meldinga om utlysing av ny konsesjon. http://medietilsynet.no/om/071128_lokalradio/


Adgangen til å søke om konsesjon til lokalkringkasting kunngjøres av Medietilsynet med fast søknadsfrist og på fastsatt skjema. Ved behandlingen av konsesjonssøknaden blir det lagt vekt på søkerens økonomiske og faglige forutsetninger for forsvarlig drift av konsesjonen og for å gjennomføre prosjektet i samsvar med søknaden.

Lokalradiokonsesjon

Medietilsynet og Post- og teletilsynet utlyser nå innholdskonsesjoner, anleggskonsesjoner og frekvenstillatelser for analog lokalradio. Konsesjoner og frekvenstillatelser vil bli tildelt for en periode på sju år, regnet fra 1. juli 2008. Søknadsfristen er 22. januar 2008.

Valle Radio er ikkje på lista over dei som har konsesjon. Det kjem av at det er Bykle Radio som har konsesjon i Valle og Bykle kommunar. Evje Radio har konsesjon i Bygland og Evje og Hornnes kommunar. Radio Loland har konsesjon for Iveland og Vennesla. Slik er heile Otredal prosti (som Theis ville sagt) dekka av tre konsesjonar.

Om det vert slik i framtida, er ikkje godt å vite. I alle fall må dei som vil vere med, sende inn søknad.