Fredag 4. januar 2008 Heile Setesdal

Share

Fredag 4. januar Sending for heile Setesdal

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonvakt: Gudrun Nomeland

18:00 Utvida aktuell time
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Bachs juleoratorium siste del
20:30 Torleif B. Harstad les frå Tarald Nomeland si minneoppgåve
21:15 Opi sending

**Skulefokus i Valle Radio**

Valle Radio startar vårsemesteret 2008 med ei sending for heile Setesdal fredagskvelden. Den fyrste timen av sendinga får skulefokus. Det er yrkesmesse for Agder neste veke, og avdelingsleiarane på dei vidaregåande skulane i Setesdal vert med i sendinga, frå studio eller telefon. Då vil dei fortelje om opplegget dei skal ha på yrkesmessa og tilbodet dei har til nye elevar frå neste år. Det kan difor vere lurt å skru på lokalradioen klokka 18.00 om du vil verte oppdatert på dei vidaregåande skulane i Setesdal.

Vi skal og snakke om den nye ordninga som biblioteka på Agder starta frå årsskiftet. No kan du låne bok på alle biblioteka i heile landet og levere inn att på det næraste. Heilt gratis! Lisbeth Dalquist Homme i Valle er i studio, men vi tek telefonkontakt med andre bibliotekarar i Setesdal, seier Harald Haugland, som har ansvaret for sendinga.