Nytt år – gamle muligheter

Share

Eg las med interesse denne artikkelen i Dagbladet laurdag 5. januar 2008 og kjende meg att i nokre av dei problema Knut Nærum tek opp. No har han bestemt at han ikkje skal kjøpe bøker i år, det er eit nyårsløfte nokon kvar kunne trengje å gje. Einaste unntaket er at han kan gje bøker som gåve, han kan få bokgåver, og han kan låne bøker.

Grunnen til det er at han skal lese dei bøkene han alt har, som han ikkje har fått lese, fortel Knut Nærum og skildrar levande situasjonen på nattbordet. Der er det ein stabel på 43 cm, på golvet er det to, ein på 25 m og ein på 15 cm. Han kan verte teken av eit bokskred, fortel han og legg til at dei etterlatne i så fall ikkje kan vite om han døydde lukkeleg, men at han hadde kulturelle ambisjonar.

Grunnen til at han skriv om det i avisa, er at det er eit vanskeleg nyårsløfte. Han vonar at det skal vere lettare å gjennomføre det når alle har lese om det, for når han står i bokhandelen og kjenner på ei ny bok han gjerne ville skaffe seg, vil folk sjå han og seie at no klarte han det ikkje lenger. Då må han seie at det skal vere ei gåve, eller så må han stå mot freistinga og legge boka bort, kanskje etter å ha kjent lukta av trykksverte frå sidene.

Eg har ikkje funne kåseriet på nettet, men wikipedia har ein artikkel om Knut Nærum her på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Knut_N%C3%A6rum Om du går til den på bokmål, finn du at den er litt større.

Eg trur ikkje eg klarar å gje eit slikt løfte. Men talet på bøker eg kjøper er mindre enn før, og det bør truleg reduserast endå meir. Når no Valle Folkebibliotek har fått ei så god og rask ordning for fjernlån frå nyår, slik biblioteksjef Lisbeth Dalquist Homme fortalde om i sendinga fredag, så kan ein jo låne det stoffet ein treng der. Og så er det eit lurt råd å lese noko av det ein har i bokhylla frå før. Det har eg teke med meg.