Bok og media

Share

I går var eg innom Bok og Media i Kristiansand på veg heim til Mandal. Det er ein bokhandel med svært godt utval og svært god service. Det vart nokre plater der i går, noko av det eg fann vil eg dele med deg til tysdag i Valle Radio.

Eg kom i prat med Thor Magne Vesterhus, som spelar fløyte på Kristiansand Domkor si plate Storleg gled me oss, utvalde songar av Bjarne Sløgedal. Han fortalde at han var i Bok og Media torsdagar og fredagar for å ta vare på den klassiske musikken dei har i butikken. Det er ikkje bare CD-plater, men og noter. Dei har etter kvart bygd opp ei stor samling, og folk vil gjerne sjå og samanlikne noter før dei handlar. Folk kjem frå store deler av Sør-Noreg for å leite etter musikk i kjellaren i Markens.

Vi blei ståande å prate litt om kor viktig det er å ha kunnskap om emnet når ein skal drive butikk. Det nyttar ikkje å satse på bare det mest populære, ein må få tak i eit rikare utval, og då må ein ha kompetanse. Men det er jo ikkje så lett for butikkar å halde seg med kompetente folk innan musikk, og då vert det lett at ein let andre velje for seg. Thor Magne Vesterhus spelar fløyte og kjenner difor ein god del av repertoaret innan klassisk musikk. Han hadde og vore i Valle og spela, som ein del av ensemblet Trio Concertante.

Det vart ein interessant samtale om mange sider ved musikkformidling i ulike former.

Eg vart gåande og leite mykje lenger enn eg hadde tenkt, og litt av kvart fann eg og. Men det gjorde ikkje så mykje, for eg hadde parkert bilen i Slottet, så det var ikkje så langt å bære det før eg kunne setje kursen mot Noregs sørlegaste punkt på fastlandet. Då var klokka blitt så mykje at køen ut av byen var slutt. No har dei ope til klokka seks i Kvadraturen alle dagar, så utfarten vert litt spreidd.