Den globale landsby

Share

Då eg laurdag etter styremøtet i Valle Radio sette meg i bilen for å reise heim til Mandal, tok eg cd-plata med kart ut av DVD-spelaren og ville spele musikk frå spelaren på dashbordet i bilen. Då kom det opp ei side som viste posisjonen eg hadde i lengde- og breiddegrader. Opp til åtte satelittar fylgde med meg på turen.

Eg tenkte ikkje over det med det same, men etter kvart kom eg til å tenkje på at eg kunne jo notere ned nokre posisjonar etter kvart som eg kom til stader eg tenkte hadde artiklar på wikipedia. Frå Storstraumen skreiv eg så ned kartposisjonar, ikkje så mange, for eg ville prøve meg fram.

Vel heime gjekk eg på datamaskina og skreiv inn Storstraumen, Lauvdal og Fånefjell, som har artiklar på wikipedia. Den malen som ein nyttar der, gjev meg høve til å finne kart, anten på google maps eller på kart i telefonkatalogen.no sine sider eller i fleire andre karttenester. Eg skreiv altså inn desse posisjonane, og då eg gjekk til karta, stemte dei. Den neste som kjem på artikkel om Storstraumen på wikipedia, vil kunne gjere det same og få opp lokalisering av denne spesielle staden. Sjå øverst oppe til høgre på artikkelen: http://no.wikipedia.org/wiki/Storstraumen

Det som er spesielt med wikipedia er at kvar dag vert denne nettstaden oppdatert med fleire tusen oppdateringar av denne typen eller av andre små og store redigeringar. No nærmar norsk wikipedia på bokmål seg 150.000 artiklar, på nynorsk er det snart 30.000 artiklar. Ikkje alle, men svært mange av dei lenkar til artiklar på andre språk, og på engelsk er det meir enn 2 millionar artiklar. Til saman vert dette ei stor kjelde med informasjon som ein kan ause av heile døgeret.

Ein person i Australia kan lese norsk, våre utanlandske innbyggjarar i Valle finn stoff på sitt språk, anten det er tysk, russisk, persisk eller arabisk.

Og folk kan sitje i USA og høyre Valle Radio, nett medan sendinga går føre seg kan dei ringe inn svar på rebusane frå Kristiansand og Nederland og Antarktis om så er. Den globale landsby er eit høveleg omgrep i denne situasjonen.