Badestoga på Flateland

Share

I den aktuelle timen i går var Torleiv Løyland i studio og fortalde om restaureringsarbeidet som er gjort med den gamle badestoga på Flateland. Han kunne fortelje at stoga vart sett opp i 1943 etter at helsedirektør Karl Evang http://no.wikipedia.org/wiki/Karl_Evang hadde peika på at slike stoger ville vere godt for folkehelsa. Dermed vart slike stoger bygde både i Bykle, Oveinang, Valle, Brokke, Rysstad, Ose og Bygland for ei løyving på 10.000 kroner til saman.

Torleiv Løyland hugsa godt då arbeidet vart gjort og fortalde levande frå det. Stoga var sett opp av Stein Juvenes og Knut Løyland. Åsmund Øyuvson Løyland murte pipa og lensmannen i Valle, Juel Lund, smidde beslag til dørene. Stoga stod ferdig i 1944, men det var ikkje noko spesiell markering då, fortalde Torleiv, som hadde sett mykje på arbeidet då dei heldt på. Etter at ho var ferdig, fekk han, då han gjekk siste åra på skulen i oppdrag å fyre. Ein måtte fyre heile dagen, og stoga vart brukt fredag for kvendi og laurdag for karar. Ho var vel brukt 10 til 15 år, men så fekk folk bad heime, og stoga vart ståande til nedfalls.

-Eg tenkte at det kunne vore greitt å få restaurert stoga, sa Torleiv Løyland, som så hadde fått grendelaget med seg på prosjektet. Han hadde skrive ein grundig søknad til Norsk Kulturminnefond på Røros, og dei løyvde pengar. Det same gjorde Aust-Agder Fylkeskommune og Valle kommune, som formelt eig badestoga, så vel som Oveinang Grendelag. Badestoga rommar ti personar og vert framleis fyrt med ved. Men det er kome dusj og toalett der, og varmekablar i golvet fortel om at det er eit heilt nytt hus, sjølv om mykje av det gamle er teke vare på. Huset skal brukast til det som det var tenkt til, det er ikkje tale om eit museumsbygg som skal stå på utstilling, seier Torleiv Løyland, som i tillegg til å skrive søknadane også har stått for det praktiske arbeidet i lag med glade dugnadsfolk på Flateland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *