Godt nytt år

Share

Så er det tid for å helse Godt nytt år til alle som les bloggen min. I desember var det 5.350 innom, de las på 20.383 sider. Eg hadde vona at det totale talet på sidevisningar skulle passere 200.000 før nyttår, men det stoppa på litt over 196.500. Ettersom det kvar månad sidan i sommar har vore over 15.000 sidevisningar, skulle eg tru at det tippar 200.000 den fyrste veka av det nye året.

Eg set stor pris på at det er så mange som les på bloggen. Det gjev meining til å halde på. Sjølv om eg av og til lurer på kva eg skal skrive om, har det i grunnen gått greitt å finne emne som kan danne grunnlag for nokre linjer. Til saman er det no 813 innlegg. Kommentarar har det og kome fleire av etter kvart.

Når vi no startar eit nytt år i Valle Radio, veit vi ikkje kva som ligg og ventar oss i det nye året. Som eg skreiv på bloggen i romjola er det tid for å søkje om ny konsesjon for alle lokalradioane. Her er meldinga om utlysing av ny konsesjon. http://medietilsynet.no/om/071128_lokalradio/


Adgangen til å søke om konsesjon til lokalkringkasting kunngjøres av Medietilsynet med fast søknadsfrist og på fastsatt skjema. Ved behandlingen av konsesjonssøknaden blir det lagt vekt på søkerens økonomiske og faglige forutsetninger for forsvarlig drift av konsesjonen og for å gjennomføre prosjektet i samsvar med søknaden.

Lokalradiokonsesjon

Medietilsynet og Post- og teletilsynet utlyser nå innholdskonsesjoner, anleggskonsesjoner og frekvenstillatelser for analog lokalradio. Konsesjoner og frekvenstillatelser vil bli tildelt for en periode på sju år, regnet fra 1. juli 2008. Søknadsfristen er 22. januar 2008.

Valle Radio er ikkje på lista over dei som har konsesjon. Det kjem av at det er Bykle Radio som har konsesjon i Valle og Bykle kommunar. Evje Radio har konsesjon i Bygland og Evje og Hornnes kommunar. Radio Loland har konsesjon for Iveland og Vennesla. Slik er heile Otredal prosti (som Theis ville sagt) dekka av tre konsesjonar.

Om det vert slik i framtida, er ikkje godt å vite. I alle fall må dei som vil vere med, sende inn søknad.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *