Internettsidene våre

Share

Det har lenge vore eit sakn at vi ikkje har hatt oppdaterte Internettsider. Styret har drøfta situasjonen og vil gjerne kome i gang med heimsida att. Vi vil gjerne ha podcast på den, og då må vi finne eit nytt system, for det noverande systemet har ikkje støtte for slikt. Vi har funne ut at vi må halde fram med streaming som vi gjer no, men vi vil prøve å få podcasting og. Målet er å få det opp i god tid før påske.

Internett er blitt mykje viktigare i samfunnet, Då vi starta Valle Radio i 1997, hadde vi ein datamaskin i radioen. Der hadde vi lagt inn databasen for musikken, og så kunne vi lett finne fram til cd-platene vi hadde. I tredje etasje på det gamle kommunehuset var det ikkje plass til særleg mykje, men vi tykte det var svært godt å ha den hjelpa.

Så flytta vi ned til vårt noverande radiohus. Etter kvart fekk vi heilt andre tilhøve. No har vi lagt inn svært mykje av musikken vår på datamaskin som er kopla direkte til miksebordet. Det betyr at vi kan spele musikk utan å nytte cd-spelar. Ettersom det er lite plass på mikseborde, vart den eine cd-spelaren kopla frå for å få to spakar til å spele musikk frå datamaskina, I tillegg har vi ein for å kunne spele jinglar. At eg i tysdagssendingane gjerne skulle hatt to cd-spelarar er ei anna sak. Då kunne eg skifta mellom Over ein open Bibel-programmet og Noreamagasinet utan å ha reklame frå minidisk mellom.

Men eg skal ikkje klage, då vi starta fekk vi programma frå Norea på kasett. Så den digitale revolusjonen har endra kvardagen vår i radioen. No har vi to datamaskinar direkte kopla til miksebordet og ein som er lager for musikken. Frå den sender vi kvar kveld musikken til mappa Kveldsmusikk. Eg skulle tru at ein vanleg onsdagskveld er 80% av musikken frå datamaskina.

Av den grunn har vi og bestemt å oppgradere datamaskinane våre. I tillegg skal vi få ein eigen PC i studio til å ta imot SMSar. Til no har vi lånt det til påskesendingane.

Den digitale revolusjonen er komen for fullt til Valle Radio, og snart vil du sjå det på heimesida vår også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *