Om det gode barneliv på landet

Share

I sendinga onsdagskvelden hadde eg ein prat med Lisbeth Homme om artikkelen ho og Lisbeth Skreland hadde i Fædrelandsvennen onsdag 9. januar 2008. Det vart ein interessant halvtime, oppsprita med eit par viser av Kirsten Bråten Berg.

Etter sendinga har eg prøvd å finne artikkelen på Fædrelandsvennen si nettside, men dei har ikkje lagt han ut. Difor tok eg ein telefon til Lisbeth i kveld for å høyre om eg kunne få ha den på bloggen. Det var ikkje problem, eit minutt etter låg den i epostkassen min. Dermed kan eg dele han med deg som vil ha bakgrunnen for samtalen vår. Eg har utheva linjer i teksten som me var innom i samtalen.

**Lisbeth Skreland og Lisbet Homme, båe med oppvekst i by, no barnehagestyrarar i Valle kommune og masterstudentar ved Høgskulen i Vestfold **

”Gøy på landet, gøy på landet, sånt no ha’kke vi i by’n”

….om det gode barneliv på landet.

Denne gamle visa er vel kjend for mange av oss. Innhaldet var eksotisk nok for oss bybarn; hoppe i høyet, stelle med dyr, vere i lag med vaksne og gjere naudsynt arbeid. Bilete av det gode livet på landet har i seinare tid endra seg dramatisk. Nærast dagleg får me informasjon som fortel om flukta frå landsbygda, dramatisk nedgong i folketalet, reportasjar om ungdom frå landet som ynskjer å busette seg i byar. No er det altså ikkje lenger gøy på landet, snarare tvert om. Men korleis er det i røynda å bu på landet, er myten om det gode livet på landsbygda berre ei forelda myte, eller..?

I Fædrelandsvennen, for ei tid tilbake, las me om Bygland skule som hadde særs gode resultat i høve ei mobbeundersøking. Vidare at Valle kommunestyre, truleg som eit av dei fyrste i Noreg, vedtok å gje gratis barnehageplass til alle som ynskjer det. Rett nok fekk ikkje denne siste hendinga særleg stor spalteplass; **det kan vere freistande å spørje seg korleis eit liknande vedtak, gjort av bystyret i Kristiansand, ville verte omtala**. Fortel desse to døma oss noko om ein ulikskap mellom by og land? Meir presist, kva kjenneteiknar oppvekstvilkåra til dei barna som bur på bygdene?

For familiane i dag er det ofte slik at dei ulike medlema lever ganske åtskilte liv. Fleire forskarar hevdar at det over tid har skjedd endringar som aukar kjensla av framandgjering og at me treng meir personrelaterte kvalitetar i dei miljøa me bur i, så vel som i samfunnet elles. No skal me her på ingen måte svartmåle livet i byen, heller synleggjere nokre kvalitetar i oppvekstvilkåra i mindre samfunn, her nærare bestemt Setesdal, som me meiner er underestimerte i vår tid. **Den stadig aukande tilflyttinga til større byar er ein faktor, den meir karikerte framstillinga av oppveksten på landet, som vanskeleg, med streng sosial kontroll og liten fridom i det å ha alles auge på seg, og at alle veit betre korleis du har det enn du gjer sjølv, er kan hende ein meir vesentleg faktor i framstillinga av bygdelivet**.

Er denne framstillinga korrekt, og i så fall berre eit negativt fenomen, knytt til det å kontrollere og ikkje unne medmenneska det beste? Eller kan ein tvert om seie at det å vere interessert i menneska som levar i nærleiken, er positivt og godt? Etter vår oppfatting er nettopp det ein kvalitet, meir enn ei ulempe?

Tidlegare generasjonar utvikla, rett og slett for å overleve, eit system for tryggleik og omsut, særs ofte basert på prinsippet om eit gjensidig ansvar og eit sjølvberande nettverk med utgangspunkt i slekt og naboskap. **Slike system, der ein har eit klårt ansvar for medmenneska, forsvinn med moderniseringsprosessane fordi slike system føresett andre økonomiske, sosial og kulturelle strukturar.** Ein annan økologi, som professor Inge Bø kallar det. Faglitteratur seier med styrke at når alle grupper i befolkninga vert sett under eitt, står dei problema dei ulike gruppene lider under, fram som langt større i dei store byråkratisk styrte einingar, enn i mindre menneskenære samfunnsnisjer.

Når eit barn ikkje trivast på skulen er konsekvensane sjølvsagt alvorlege. Undersøkingar synar at det er avgjerande for barnas oppvekst, og for individets sosialisering, at ein opplever å vere sosialt forankra i eit trygt, aksepeterande og støttande fellesskap. I små lokalsamfunn er det, etter vår oppfatting, lettare å gjere noko med det som er negativt. Ved å skape og halde ved like gode nettverk, opprettheld ein samstundes ei kjensle av å høyre i hop, ei tett forankring. Kan hende er nettopp dette eit lite lokalsamfunns største styrke, ein viktig faktor i eit barns liv, det at alle, EG, trengs for at samfunnet skal fungere og vidareutviklast.

I eit lite lokalmiljø kjenner alle kvarandre. **Ein er ikkje berre lærar, men gjerne fars fiskekamerat, onkel til bestevennen og samstundes kan hende medlem i kommunestyret.** Ein viktig innsikt kring menneskelege relasjonar, ganske så sjølvsagt for barn i Setesdal. Dette gjer at graden av tilgjengelegheit aukar for medlema i det sosiale miljøet; det er ikkje reint uvanleg å oppleve diskusjonar i nærbutikken som omhandlar barns trivsel og tryggleik, og oppleving av skulen eller barnehagen. Desse uformelle møta er viktige, ein måte å oppleve lokalsamfunnet som oversikteleg og tydeleg, med den fylgje at det som skjer både er mitt eige og andres ansvar.

Barnehagen er eit velferdsgode, men ikkje alle stader i Noreg er det like lett å få barnehageplass til eittåringen din. I Setesdal er det å få ein barnehageplass, tilpassa familiens behov, tilnærma sjølvsagt. Og når alle som ynskjer det får plass, og plassen i tillegg er gratis, vil barnehagen med dette vere eit spegelbilete av samfunnet, ein møtestad for alle barna og foreldra i kommunen, ikkje berre for særskilte grupper. Ein barnehage der årskulla fylgjer kvarandre frå barnehagestart til avslutting av ungdomsskulen. Skulane har små klassar og læraren kan lettare gje tilpassa opplæring til ein elev i ein klasse på 10 enn på 25. Me ser at det å vekse opp i Setesdal inneber kvalitetar som til no har vore ein løyndom for mange.

Politikarane i Setesdal skal ha all ære når dei gjennom mange år har sett barn og oppvekst på dagsorden. **I alle kommunane finns det brukarvenlege barnehagar, nye barnehagebygningar og kvalifiserte tilsette.** Nokre av kommunane var særs tidleg ute i høve auke av pedagogtettleik på kvar avdeling, og det å legge tilhøva vel til rette for vidareutdaning for tilsette i skule og barnehage.

Å vokse opp i ein kommune der føresette, pedagogar og politikarar stillar høge krav til kvalitet, spelar på same lag og har same mål, vil etter vår oppfatting vere ei sikring for at kvart barn skal få ei utvikling, tilpassa eigne evnar og interesser. Me har ikkje så mange barn i kommunane våre, difor vert kvart barn så synleg, så naudsynt for at livet i skule og barnehage skal fungere. **Ein rektor fortalte oss ei gong at skulking var eit heilt ukjent fenomen på den skulen han leia. Årsaka til det var at ein eventuell skulkar ikkje hadde nokon plass å vere, utanom heime, dersom han ikkje møtte på skulen. Alle andre stadar ville han ha møtt vaksne som truleg ville spørje om han var sjuk, kvifor han ikkje var på skulen**. ”It takes a village to raise a child” er eit gamalt afrikansk ordtak. Når heile lokalsamfunnet engasjerar seg i barnas oppvekst blir det faktisk gøy å bu på landet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *