Bygdehistorie i ei ny tid

Share

På veg til Mandal i dag stoppa eg på Bygland og gjekk innom i Setesdølen. Avisa er inne i sin 34. årgang, og det er ikkje lite stoff ein kan finne i desse årgangane. Å setje seg til å bla i gamle aviser er ein tidkrevjande hobby, ein er på leiting etter ein spesiell artikkel, men vert stadig hefta av alt det andre interessante ein finn.

No var ikkje eg budd på å setje meg til å leite, eg spurde Sigurd Haugsgjerd om han hadde noko informasjon om Ingvald Langemyr. Grunnen til det var at eg har fått ein førespurnad om å skrive litt om han på wikipedia, han skreiv to barnebøker, Eit hus i stova (1968) og Hos oss (1969), som teiknaren, Sigrun Sæbø Kapsberger fekk ein pris for. http://no.wikipedia.org/wiki/Sigrun_S%C3%A6b%C3%B8_Kapsberger

Men Setesdølen har ikkje noko system som gjer at ein kan finne att stoff som har vore skrive der. Då må ein i den fysiske avisa og finne artikkelen, og så må ein få ein kopi. Sjølv om redaktøren er svært hjelpsam, kan han ikkje gå rundt og hugse kva dato han skreiv om ein person, det er jo stadig nye tema i stigande straum. Me måtte difor gje opp leitinga, sjølv om ei avis er lett å kome gjennom, er det vanskelegare når ein sit med ein heil årgang.

Det var då eg kom til å tenkje det som eg sjølv opplevde som ein glup ide. Setesdal Regionråd burde finansiert ei stilling som kunne scanne inn Setesdølen frå fyrste nummer og framover. Desse kunne då vere søkbare, slik at ein kunne finne att viktig stoff som har stått på trykk i avisa. Det hadde vore grunnlag for bygdehistorie i ei ny tid. Nå kan ein finne kyrkjebøker på Internett, Sigurd Haugsgjerd fortalde korleis han hadde funne informasjon om bestemora si, ho var fødd i 1877. Ein burde ha tilsvarande måte å finne den nære historia på, og Setesdølen er vel dokumentasjonen på det som har skjedd frå 1974 til no. Sjølvsagt burde det same vore gjort med setesdalsstoffet i Agderposten og Fædrelandsvennen.

Eit slikt prosjekt trur eg ville vore meiningsfylt.

Med dette er ideen lansert.

Valle Sparebank

Share

Valle Sparebank er sponsor for Valle Radio og gjev oss kvart år eit beløp til drifta av radioen. I kveld var det innskytarvalmøte, som vanleg halde i kjellaren på Menighetshuset i Valle. Det er **Bjørg Brokka Rike** som er formann i forstandarskapet til Valle Sparebank, og i kveld skulle det veljast to forstanderskapsmedlemer for fire år og tre varamedlemer for eitt år.

Kunngjering av valet var gjort ei rekke plasser, i avisa, på Internett og ved oppslag, med oppmoding til å sende inn framlegg til kandidatar til valnemnda, som hadde vore Inger Aamlid, Olav Straume og Einar Brokke. I meldinga frå valnemnda heiter det: Det hadde ikkje kome inn forslag innan fristen.

I ein prat eg hadde med Knut K. Homme på møtet, mimra vi litt om situasjonen på desse møta for år tilbake. Då var det mykje fleire folk til stades, i kveld var det 22 personar. Då var det inga valnemnd, men kampvoteringar om å kome inn i forstanderskapet der det vart føreslegne folk frå dei som hadde møtt opp. Med innføring av valnemnd har nok interessa for møta gått ned. Eg trur ein grunn til det og er at folk er opptekne og ikkje synest det gjev nok å bare kome saman for å velje dei kandidatane som valnemnda legg fram. Det hadde nok vore fleire interesserte om møtet hadde hatt eit foredrag om banken sin situasjon, til dømes i lys av Terra-skandalen, ettersom Valle Sparebank jo er ein Terrabank, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Terra-skandalen

Men møtet om situasjonen for banken skulle forstandarskapet ha etter at innskytarvalmøtet var ferdig. Difor banka Bjørg Brokka Rike gjennom vala utan å gje høve til spørsmål eller kommentarar frå innskytarane, heilt i tråd med det som stod i møteinnkallinga: Innskytarvalmøte.

Einar Brokke og Ingunn Holen Olsen vart attvalde, det same vart varamennene Torhild Bjørgum Åkre, Egil Åmli og Ånund Viki. Difor vert dei innskytarvalde forstandarane komande år dei same som var siste år: Einar Brokke, Ingunn Holen Olsen, Inger Aamlid, Knut K. Homme, Elise Marie Kringen, Olav Straume, Anna Stella Karlsdottir og Knut Langeid. I tillegg til desse er det åtte kommunalvalde forstandarar: Pål Inge Bø, Gyro Uppstad, Bjørgulv T. Berg, Olaf Henrik Homme, Bjørg Brokka Rike, Hallvard Tveit, Kent M. Lund og Gunnhild Lien. Frå dei tilsette er Inger Lise Homme og Anette Uppstad medlemmer i forstanderskapet.

Raskt og effektivt gjekk møtet. Så var det kveldsmat, slik som det allstødt har vore. Jorunn Lund Harstad, som stelte på kjøkenet, stemte i bordverset: Gud signe maten på vårt bord. Så kom først karbonadesmørbrød, deretter nydelege smørbrød med reker, egg eller kjøtpålegg. Til slutt var det blautkake. Også dette gjekk raskt og effektivt, for klokka 19 starta det tillyste møtet i forstanderskapet der dei skulle gå gjennom årsmeldinga for banken. Det skjedde i møteromet i banken, så det må eg kome tilbake til.

Og banksjef Vidar Homme lova å kome i radioen onsdag 5. mars og fortelje korleis det går med banken. Du kan gå inn på heimesidene til banken om du vil finne ut meir. Sjå https://www.terra.as/servlet/side?section=28901010000

Scooterkveld

Share

Tysdag 26. februar var kommunestyresalen i Valle stappfull av folk som var interesserte i å høyre om snøscootertematikken og det nye framlegget til reglar for motorferdsle i utmark.

Trond Støle helsa velkommen og fortalde at han hadde vore på tur med NRK i heia for å syne kor viktig snøscooteren er for folk i bygdene. Ordføraren og Torleiv Løyland hadde og vore med, og Torleiv starta den kulturelle delen av arrangementet med kveding. Deretter helsa ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund velkommen før Sigurd Brokke og Daniel Sandén Varg spela Fanten (Sigurd på munnharpe) og Reisaren (Daniel på hardingfele).

Deretter kom Steinar Kyrvestad som representant for USS, som har 80 medlemskommunar i 15 fylke. Nettadressa er utmark.no, og kommunane er frå Troms i nord, til Hægebodstad i sør. USS er heilt usamde i at ein skal forby rekreasjonskøyring, at mynde skal gjevast til fylkesmannen, og SNO må ikkje få politimynde.

**Rekreasjonskøyring**
DN: Rekreasjonskøyring får store konsekvensar for naturen.
USS meiner at det bør vere areal for rekreasjonskøyring. Men mange land vi kan samanlikne oss med har sagt ja til slik køyring.

Steinar gjekk gjennom andre argument som USS har mot DN sine synspunkt. Men USS er samde med at ein kan bruke Plan- og bygningsloven, og gje mynde til kommunane, ikkje til fylkesmannen, som DN vil. Kommunane kan lage motorferdsleplan og styre via desse.

**Jon Olav Alstad**
er leiar av SNØFOR. Oslopressa har ikkje hatt oppslag om dette, men i distriktsavisene har det vore mange og store oppslag. Interessa er større enn i EU-kampen. Men det er mange utfordringar i å få sentrale instansar med på laget.

SNØFOR meiner at motorferdsle i utmarka skal ha restriksjonar. Sidan 1987 har dei arbeidd for å få på plass planar. Vi bør unngå dispensasjonar, slik at vi kan får vite kva rammene er. Stortinget har sagt at kommunane har best kompetanse på på arealbruk. Fylkesmannen har rett til å til å overprøve vedtak. Det gjeld til og med om ein vil bygge atomkraftverk. Då er det rart at snøscooteren skal vere farlegare.

Er det slik at kommunane sine dispensasjonar har auka svært mykje? Men SNØFOR meiner at DN har brukt dei talla som bygger opp under sin argumentasjon og har brukt mykje tid for å gå imot dei tala. Det bør ikkje vere slik at Oslo, Lierne og Valle skal ha same praksis i denne saka.

Eit anna tilhøve er det at snøscooter skal verte handsama som andre motorkøyretøy, men det er jo stor skilnad på skoter og firehjuling eller helikopter.

Snøscooter og dyreliv er eit anna kontroversielt tema. Dette har SNØFOR også andre synspunkt på enn DN. Det er av dei ikkje registrert negative endringar i dyrelivet som følge av snøscooteraktivitet.

Canada står for 90% av salg av snøscooter. 10% går til Norden, mest i Sverige og Finland. Men Noreg er interessant fordi våre scootere har moderne teknologi, og vi var første land til å ta inn 4-takts-motorar. Men støy er eit problem som stadig vert nemnt. Nye scooterar bråkar mykje mindre. Løysinga vil neppe vere å forby, det må vere betre å kontrollere.

Snøscooter set ikkje merke i naturen. Den har mindre marktrykk enn ein skiløpar.

Men folk flest er mot snøscooter, seier media. Difor spurde SNØFOR folk i kommunar der det snøscooterbruk. Der er forståinga for å skjøne bruken av snøscooter høg.

4% brukar snøscooter i fritida. Det har det vore dei siste åra. Bruk av andre køyrtøy har auka mykje meir.

Nyttekøyring bør vere leiekøyring. Men det er ikkje lett for folk å ha leiekøyrar ein heil dag, jfr. artikkelen i Aftenposten der Olav K. Hovet var intervjua.

Sikkerehet er og viktig, det har ein ikkje tenkt mykje på. Fjellsikring er og eit tema her, ingen har tenkt på det. Korleis kan ein løyse det om snøscooterparken forsvinn. Men korleis kan ein leite etter folk om folk ikkje har lokalkunnskap og erfaring med å køyre i fjellet? Helikopter kan ikkje løyse dette i dårleg ver.

SNØFOR vil ha eit løypenett der det er lovleg å køyre og der ein ikkje treng dispensasjon. Sjølvjustis utviklar seg ganske fort, fordi klubbmedlemmene er opptekne av å ta vare på retten til å ha ei slik løype. Medan dei før hadde uregistrerte snøscooterar i Hattfjelldal og kjørte ulovleg, har trenden no snudd etter at ein fekk lovlege løyper. Då blir større område fri for motorferdsle. Støyen blir kanalisert inn i desse områda.

SNØFOR vil heller stille krav til scooteren, det gjer dei i andre land. Dei vil og arbeide for at sikkerheten skal verte betre. Klubbane kan hjelpe med ei rekke av dei kontrolloppgåvene som er aktuelle.

Gjennomsnittsalder på snøscooterkjørarar er 42 år. Det blir ikkje mykje tullekjøring av så vaksne folk.

Det kom inn 1000 svar på høyringa, det er rekord i ei slik høyring. Over 70% av alle kommunar har vore samde med USS og SNØFOR.

Etter første timen var det pause, der folk kunne ta ein tur ut og strekkje på føtene og prate saman.

Våren kjem

Share

Etter vinterferien drog eg i dag tidleg til Valle att. Eg valde å vente til måndag, og då eg såg i avisa, var det sikkert lurt, for der stod det at det i går var kø frå Hovden til Kristiansand, og det er slitsomt å køyre med mykje motgåande trafikk.

I dag tidleg var det turr, fin veg ved kysten. Men då eg kom over på Setesdalsvegen på Homstean, var det blitt regn, og oppover mot Evje vart det sludd. Eg valde likevel å vaske bilen på Evje, den hadde blitt ganske tilgrisa etter kvart, og vaskehallen på Texaco Evje kan anbefalast på det varmaste. Samstundes kunne eg nyte den gode matpakken dei lagar, bare den er grunn nok til å stoppe der, ikkje minst når ein har Texaco-kopp for **Drikk så mye kaffe du vil – hele året**.

Etter kvart som eg kom lenger opp i dalen, vart det meir snø, og då eg kom til Valle var det 4-5 cm nysnø. I løpet av dagen tinte vel det meste bort, og i løpet av vinterferien var det meste av den glatte isen borte. Så det er ingen tvil om at det går mot vår også her i innlandet.

Ettersom eg starta tidleg, fekk eg med meg grålysninga og demringa. Det er alltid flott å sjå dagen kome over fjella i aust, og då eg kom til Besteland, stod skulebussen og venta på å starte ruta si. Ei ny veke var begynt, og vinterferien var over.

Snøscooter-møte

Share

Valle Radio har mest sidan starten vore oppteken av snøscooter, og vi har hatt mange sendingar frå scootercross både i Noreg og i utlandet. Difor er det naturleg å sende frå folkemøtet som Hylestad snøscooterklubb held tysdag klokka 18 i kommunestyresalen i Valle.

Her er ei aktuell lenke i samband med dette:
http://www.agderposten.no/article/20080224/LOKAL8/684617982/1007 Lenka er til eit intervju i Agderposten med Kjell Ove Tveiten.

Her er lenke til oppslag i Aftenposten med intervju med Olav K. Hovet. Det er mange debattinnlegg i tilknytning til denne artikkelen: http://forbruker.no/hyttemagasinet/article2241790.ece

Sjå elles tagen under dette innlegget. Den fører til anna eg har skrive om scooter, mellom anna om programmet på møtet tysdagskvelden.

Utan TV – med TV

Share

TV-apparatet vårt trakk eit siste sukk i vinterferien, og så var epoken med TV med biletrøyr over. No skulle vi få flatskjerm, Det hadde eg ikkje noko i mot, og saman med sonen min, Sigmund, som arbeider med TV og heilt sikkert kan meir enn meg om det, sjølv om han ikkje er så oppteken av det utanom jobben, gjekk eg gjennom ei rekke moglege valg før eg tok turen til butikken.

Ein ting er å førebu seg i ro og mak heime, når ein kjem i butikken, er det mange inntrykk som skal fangast opp, og så skal ein ta inn over seg tilbod som ikkje var på internett, men som verkar gode der og då.

Vi enda opp med eit stort TV, Det var så stort at vi måtte få det levert, eg hadde ikkje plass i bilen, det skulle stå, og kunne ikkje liggje.

Ettersom eg har hatt det ganske travelt i vinterferien, gjekk det ein dag før vi fekk det på plass, men vi lurte på kva som var grunnen til at det fall ut fleire gonger. Etter kvart synte det seg at eit par ledningar var kopla feil, det var mange valg ein skulle gjere i så måte også.

Men no står det der. Det er blitt eit retteleg vindauga mot verda. Det opplevest nesten som å sjå ut vindauga, og det er utruleg mykje som går føre seg der.

I dag hadde eg tenkt å få skrive litt av kvart, men eg vart sitjande og sjå på sport frå Falun. Det er som å ha losje i teateret, det verkar som om systemet er lagt opp slik at eg skal få best mogleg utbytte av det. Skjermen er så stor at det verkar som om folka er i romet og snakkar til meg. Ei utruleg oppleving, noko heilt anna enn det vi hadde før, sjølv om vi aldri opplevde at det ikkje heldt mål.

-Om eg ville ha eit TV med biletrøyr, kva då? spurde eg seljaren.
-Då må du nok leite på finn.no, sa han. Ingen butikkar sel det lenger.

Eg er i grunnen glad for det.

Spanande kommunestyremøte

Share

Neste veke er det kommunestyremøte i Valle Radio. Då skal det veljast utbyggingsalternativ for gang-/ sykkelveg Valle sentrum – Valle skule. Det er flott å sjå at denne saka endeleg kjem til kommunestyret. Om Høgre klarar å få til dette, kan vel folk i Valle seie at det var rett at dei ga stemmene sine til det partiet.

Ei anna sak som skal opp onsdag, er saka om Regionalt kulturhus. Den har vore langdryg, så det vert spanande å sjå kva kommunestyret fell ned på der. I tillegg er det ei rekke andre saker, mellom anna ei sak om bompengefinansiert utbygging av RV-9. Alt dette skal ein kome gjennom på halvannan time, for klokka halv åtte er det møte om bustadpolitikk i dag og i framtida. Det skal Liv Tanche-Larsen leie, det skal vere innleiing ved Torgeir Haugaa og Olav Myklebuds frå Husbanken.

Møtet vert overført i Valle Radio som vanleg.

Eg minner og om tysdagsmøtet, som er om snøskoterpolitikk. Vanleg tysdagssending går ut neste veke.

Om drosjeløyve og ymist anna

Share

Øyvind Jacob, som hadde sendinga i går kveld, skriv:

Eg hadde først besøk av **Gunnar E. Helle**. Vi drøfta problemet med transport for kommunen sine innbyggjarar når han nå seier opp sitt drosjeløyve frå slutten av februar.. Då er det berre ei drosje att i kommunen. Det blir problem med transport av folk til legekontor, sjukehus, fysioterapeut, helgekjøyring osb.

Det er eit for stort press i arbeidssituasjonen som gjer at Gunnar vil seie opp. Det er vakt 24 timar i døgnet 365 dager i året, og det vert tungt i lengden. Gunnar føler det ikkje har gått opp for dei styrande kor stort problemet vil bli i kommunen no frametter.

Kl 18.30 kom den nyvalde leiaren for Hylestad snøscooterklubb, **Tron Støle**, og fortalde om eit møte han vil skipe til i kommunestyresalen den 26.02. kl. 18.00. Der vil ein drøfte scooteren sin rolle for bygdefolket i framtida. Ein ny lov er på trappane, og det ligg an til ei skjerping av tilhøva for scooterfolket. Dei vil gjerne ha nokre traséar der dei kan køyre lovleg, som dei har hatt i einskilde prøvekommunar, og som har vore svært vellukka i lengre tid i Finland.

Det var **Ingvar Nes** som kom frå kommunen kl 19.00. Han refererte nokre saker frå siste formannskapsmøte.

**Bjørgulv T. Berg** spela musikk frå kl 20.00 tl 20.30 og eg spelte musikk og mimra litt frå kl 20.30 til 21.00.

Bygdekveld i Hylestad og Valle Radio

Share

Sist onsdag var rektor Elise Marie Kringen og FAU-representant Kristin Brokke i Valle Radio for å fortelje om bygdekvelden dei skulle ha dagen etter. I Setesdølen i går hadde Ole Birger Lien ei heil side der han fortalde om arrangementet, som skaffa 35.000 kroner til trivselstiltak på skulen. Eit av bileta syner Anne Lise og Torleiv Harstad i prat med kasserar i Valle Radio, Helge Homme, alle bur i Valle, kanskje er det reklamen i radioen som førte til at dei tok turen til Hylestad denne kvelden.

Artikkelen i avisa dokumenterer festen på ein framifrå måte og fortel om utlodning og matsal og underhaldning av elevane. Leiar i foreldreutvalet ved skulen, Ingunn Anette Bratteland, fortel at det truleg var ny rekord i oppmøte denne dagen, der ein kunne kome og få seg mat alt frå klokka 15.

Sjølv om ein hadde annonser på førehand og elevane fekk med både foreldre og andre slektningar, var det godt med ein omtale av arrangementet i Valle Radio. Det er noko ein kan bruke ein lokalradio til. Eg opplever nok at lag og organisasjonar ikkje er så flinke til å ta kontakt med oss i radioen og fortelje at dei treng omtale. Dei fleste programleiarane vil oppleve glede over å få slike førespurnader, særleg om dei kjem tidleg. Kven som er ansvarleg, finn du ved å gå til **Sendingar** nede på høgre sida her, der ligg liste for heile våren.

Ta kontakt med aktuell programleiar og fortel at de skal arrangere eit program og at du gjerne vil kome i radioen og fortelje. Det kan føre til at fleire får vite om programmet og får høve til å kome.