Eit kommunestyre med habilitet

Share

Det var ikkje lett for Pål Dale å halde tunga rett i munnen under onsdagens kommunestyremøte i Valle. Eg var ikkje til stades i salen, men høyrde overføringa på radioen og hadde medkjensle med han. At Pål var ordførar skuldast at ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund og varaordførar Olav K. Hovet begge var inhabile i saka om utbygging av Kvisle ved Furestøyl. Pål fekk med seg Rune Mikkelsen som varaordførar,

Men dei to kommunestyretoppane var ikkje dei einaste som var inhabile. I tur og orden kom ei rekke andre fram og sa seg ugilde av ulike grunnar. Ragnhild Nomeland sin far er grunneigar, Anette Bjørgum Berg sin svigerfar er og grunneigar. Ellen Jansen og Olaf Henrik Homme hadde ektefellar som hadde engasjement i saka, Saavi Nomeland si rolle var og oppe til diskusjon, men eg meinar å hugse at han var habil. Om det var fleire namn oppe til diskusjon, hugsar eg ikkje, men minst seks av dei faste måtte setje seg bak i salen og fylgje med debatten frå sidelinja.

Debatt vart det og, Eg reknar med at fleire hadde hatt lyst til å ta ordet, men dei sat altså på sidelinja. Avstemminga synte at Steinar Kyrvestad, som hadde eige forslag, vart ståande aleine med det. Ikkje eingong Senterpartigruppa fylgde han. Dermed vart forslaget vedteke som framlegget frå Planutvalet var. Men klokka vart 20:30 før dei folkevalde kunne få Jorunn sine gode vaflar og kaffe, om dei då ikkje hadde vore ute undervegs og sikra seg ein kopp.

Vi får vone at utbygginga etter kvart skaper liv og røre når det gjeld arbeid og handel i bygda.