Påskensending og scootersesong

Share

Påskesendingane nærmar seg og vi har starta å tenkje på dei. Den som tenkjer mest, er nok Helge Dahle, som skal ha ansvaret i år og. Men han har fått med seg gode hjelparar og har tru på at det skal gå bra. Det er eit problem at han er i Sør-Korea i denne førebuingstida, han reiser dit ein av dei fyrste dagane og kjem att like før påske. Difor må ein del av planlegginga ordnast pr. distanse. Heldigvis har vi epost og sms og dei går jo verda rundt. Helge er oppteken av å få innspel og idear. Eg kan formidle dei om du sender til meg på adresse harhaugl@gmail.com.

Vi står framom ei oppgradering av det tekniske utstyret i radioen. Det beste hadde vore om vi fekk det i orden til påske.

Men det er ikkje bare i planlegginga av radiosendingar at påsken nærmar seg. Påsken er høgsesong for bruk av snøscooter når ein skal på fjellet. Å få bruke snøscooter er ein viktig føresetnad for å kunne besøke hyttene ein har på fjellet vinterstid. Når det er ein meter med snø på taket, er det gått å sleppe å gå på ski ei mil eller to inn i fjellet. Eg trur nok Erna Solberg opplevde noko av trongen for å kunne nytte dette unike køyretøyet då ho var med ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund på Austeheia. Eg ville gjerne hatt Bjørgulv med til å fortelje om dette i Valle Radio onsdag, men då eg ringde han, var han oppteken og bad meg leggje att namn og telefonnummer, så skulle han ringe tilbake. Sjølv om eg prøvde to gonger, ringde han ikkje tilbake, så du gjekk glipp av den samtalen i radioen onsdagskvelden.

I gårsdagens Aftenposten var det ein stor reportasje som eg reknar med er generert av turen til Bjørgulv og Erna. Det er Olav K. Hovet som er hovudperson der, og han presenterer nokre av grunnane til at folk i fjellbygdene har eit anna syn på snøscooter enn folk i sentrale strok austanfjells. Her er lenke til den artikkelen: http://forbruker.no/hyttemagasinet/article2241790.ece

Erna har og skrive om turen på bloggen sin. Ho har nokre bilete, men ikkje mykje tekst. Du finn bloggen hennar ved å gå til Valle kommune sine nettsider: http://www.valle.kommune.no