Migrasjon

Share

Tida vi lever i er ei tid for store folkeflyttingar. I vesle Valle kommune med knapt 1400 innbyggjarar bur det utlendingar frå mange kantar av verda, og vallefolk reiser til dei fjernaste plassar på kloden, ikkje bare til ei vekes ferie i Spania, men like gjerne til Karibia og Thailand.

Kunnskap om folk og kultur er viktig. Eg som får vere lærar i norsk for utlendingar, har høve til å lære nytt kvar einaste dag. Det kan gjelde skulesystem i andre land, mange stader er det svært annleis enn i Valle. Det kan gjelde religion og kultur. Alle desse tilhøva er viktige å kunne noko om når ein skal møte folk frå andre kulturar.

Det slår meg at folk som flytter hit, er svært tilpasningsdyktige. I radioen sist onsdag møtte vi Ilma som har kome til Noreg for å tene pengar som reinhaldar, sjølv om ho er lærarutdanna og har arbeidd som lærar i heimlandet Litauen. Vi møtte og Madina med mange års studier i økonomi bak seg frå universitetet i Grosny, også ho finn seg til rette i Valle, no i praksis i kassa på Joker.

I joleferien skulle vi hatt med Steinar Hjelmås i Valle Radio. Han hadde kontorpraksis på Håkonsvern og fekk tilbod om ein kontorjobb i forsvaret i USA, så no held han til der borte og høyrer på Valle Radio på Internett. Han er ikkje aleine om det, folk som studerar i Australia eller er på tur i USA kan få med seg sending heimanfrå på internett. Foreløpig må dei høyre sendinga når den går, live streaming er enno modellen. Men vi arbeider med å få til løysing med podcast, slik at deler av programma våre kan høyrast til andre tider og.

Kvar helg er det ein liten migrasjon frå Kristiansand til Hovden og Brokke, i alle fall om vinteren. For tida er det inga sending som når hyttefolket fredagskveldane. Mange saknar Bykle Radio sine program fredagskveldane, Men samstundes er det lett å skjøne at dugnadsfolk ikkje utan vidare kan binde seg til å ha sending fredagskveldar, dei er blitt meir og meir familiesentrerte for folk flest. Vi har sagt at om nokon av programleiarane har lyst til å lage fredagssending, er det bare å få med seg dei som skal til for å lage kveldens program, og så gjere det. Til glede for migrantar og fastbuande.

Komande veke står desse ansvarlege for onsdagssendinga etter oppsett plan:

13. februar
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad
Open sending: Britta Lise Homme

Endringar må dei ordne sjølve. Vi gledar oss til onsdagskvelden.