Veg og vandring

Share

Dette er tittel på programmet eg skal ha tysdagskvelden klokka 19:30. Ein kunne kanskje tenke at eg er oppteken av føreforholda i Setesdal no for tida. Dei er under all kritikk, i alle fall for ein som vil vandre. Det er glatt både morgon, middag og kveld, sjølv dei som går med to stavar held seg for det meste inne.

Tidvis ser eg på livet i sentrum, Gunnar på Valle Handel sa til meg at eg trong ikkje setje på TV, eg som har så god underhaldning frå vindauga. Sjølv om det er glatt, tek folk seg fram på hålkeføret som best dei kan.

Ikkje tenkjer eg på Riksveg 9 heller. Nord for Ose er den helst problematisk, men det må ein veg gjerne vere medan ein ventar på noko godt. Der det ikkje er vegarbeid, er det stader med mykje is og det gjev slag og store vassdammar. Det burde vore gjort noko med, Risa har fått kritikk for jobben dei gjer. Men dei har hatt mykje snø å slite med i år.

Nei, i programmet tenkjer eg på korleis dette temaet kjem fram i lyrikk og musikk. Det er eit eksistensielt tema, det finst både i salmesang og i popmusikk. Det finst i dikt, og svært ofte er Per og Pål og Espen Askeladd på vandring, altså i eventyr og prosatekstar finst det og. Difor tenkte eg å leite fram nokre slike tekstar og presentere dei i radioen tysdagskvelden. Du får vite meir om du høyrer på Valle Radio.

Mi referanseramme er jo mest kristen sang og musikk. Men eg trur nok at eg skal finne noko anna og. Påskerally på Riksveg 9 kunne sikkert passe. Om eg tek den med, veit eg ikkje enno. Men det vert litt av kvart denne halvtimen.