Onsdagskveld med Ørnulf

Share

Denne onsdagen var det Ørnulf Hasla som hadde ansvar for fyrste delen. Den aktuelle timen var eit intervju han hadde laga med **Olav K. Hovet**, som hadde fått Hæren sin gullplakett for 22 år som områdesjef i Heimevernet. I tillegg hadde han fått eit par andre utmerkingar då han gjekk av, så samtalen gjekk lett om mange sider ved det å ha eit lokalforsvar i grisgrendte strok av landet. I tillegg kom dei inn på andre sider som Olav har engasjert seg i.

Deretter var det **Elise Marie Kringen** som var i elden. Ho hadde med seg **Kristin Brokke**, som er talsperson for FAU ved Hylestad skule, der Elise Marie er rektor. Dei skulle ha bygdekveld i morgon, torsdag. Alt frå klokka 15 kan folk kome på Hylestad soknehus og kjøpe middag, deretter er det åresal utover dagen. Så vert det underhaldning frå klokka 18, elevane har lært å danse gangar, det skal dei syne fram saman med mange andre programinnslag. Denne gongen har dei fokusert på fortida og leita fram tema frå gamle dagar.

Siste innslag i den aktuelle timen var ein prat med **Gunnar A. Rysstad**, som hadde reist til Dubai på ferie. Då klokka var nesten sju om kvelden her, var ho blitt nesten ti der nede. Dei sat ute på ein fortausrestaurant, det var 20 varmegrader, og i dag hadde det vore 29 grader i sjøen. Bensinen var noko billigare der nede, bare 2,50, så bilane var store, sa innehavaren av Statoil Rysstad, som og fortalde at avstandane var så store at dei helst måtte ta taxi, det var ikkje lett å spasere rundt. Gunnar var og imponert av all byggeaktiviteten, dei heldt på å bygge verdas høgaste hus der, den skulle vere 7-800 meter høg. Og det var ikkje det einaste dei bygde, det var byggkraner kor ein snudde seg.

I Kommunen informerer frå klokka 19:00 var det **Rune Ingebretsen** som var gjest. Han er nytilsett for å arbeide med næringsutvikling i Valle. Han er frå Lyngdal, men har feriert i Valle i 25 år og har skaffa seg hytte i Everdalen. Han meinte at turistrelatert aktivitet kunne ha mykje for seg i kommunen. Han kunne og fortelje at det no vert levert ut nye posar til matavfall, posar laga av mais. Dei er vanntette, men vert oppløyste på søppelplassen. Han minna og om nokre søknadsfristar i februar og mars og oppfordra folk til å fylgje med på nettsidene til Valle kommune. http://www.valle.kommune.no/Modules/Default.aspx