Bygdekveld i Hylestad og Valle Radio

Share

Sist onsdag var rektor Elise Marie Kringen og FAU-representant Kristin Brokke i Valle Radio for å fortelje om bygdekvelden dei skulle ha dagen etter. I Setesdølen i går hadde Ole Birger Lien ei heil side der han fortalde om arrangementet, som skaffa 35.000 kroner til trivselstiltak på skulen. Eit av bileta syner Anne Lise og Torleiv Harstad i prat med kasserar i Valle Radio, Helge Homme, alle bur i Valle, kanskje er det reklamen i radioen som førte til at dei tok turen til Hylestad denne kvelden.

Artikkelen i avisa dokumenterer festen på ein framifrå måte og fortel om utlodning og matsal og underhaldning av elevane. Leiar i foreldreutvalet ved skulen, Ingunn Anette Bratteland, fortel at det truleg var ny rekord i oppmøte denne dagen, der ein kunne kome og få seg mat alt frå klokka 15.

Sjølv om ein hadde annonser på førehand og elevane fekk med både foreldre og andre slektningar, var det godt med ein omtale av arrangementet i Valle Radio. Det er noko ein kan bruke ein lokalradio til. Eg opplever nok at lag og organisasjonar ikkje er så flinke til å ta kontakt med oss i radioen og fortelje at dei treng omtale. Dei fleste programleiarane vil oppleve glede over å få slike førespurnader, særleg om dei kjem tidleg. Kven som er ansvarleg, finn du ved å gå til **Sendingar** nede på høgre sida her, der ligg liste for heile våren.

Ta kontakt med aktuell programleiar og fortel at de skal arrangere eit program og at du gjerne vil kome i radioen og fortelje. Det kan føre til at fleire får vite om programmet og får høve til å kome.