Bygdehistorie i ei ny tid

Share

På veg til Mandal i dag stoppa eg på Bygland og gjekk innom i Setesdølen. Avisa er inne i sin 34. årgang, og det er ikkje lite stoff ein kan finne i desse årgangane. Å setje seg til å bla i gamle aviser er ein tidkrevjande hobby, ein er på leiting etter ein spesiell artikkel, men vert stadig hefta av alt det andre interessante ein finn.

No var ikkje eg budd på å setje meg til å leite, eg spurde Sigurd Haugsgjerd om han hadde noko informasjon om Ingvald Langemyr. Grunnen til det var at eg har fått ein førespurnad om å skrive litt om han på wikipedia, han skreiv to barnebøker, Eit hus i stova (1968) og Hos oss (1969), som teiknaren, Sigrun Sæbø Kapsberger fekk ein pris for. http://no.wikipedia.org/wiki/Sigrun_S%C3%A6b%C3%B8_Kapsberger

Men Setesdølen har ikkje noko system som gjer at ein kan finne att stoff som har vore skrive der. Då må ein i den fysiske avisa og finne artikkelen, og så må ein få ein kopi. Sjølv om redaktøren er svært hjelpsam, kan han ikkje gå rundt og hugse kva dato han skreiv om ein person, det er jo stadig nye tema i stigande straum. Me måtte difor gje opp leitinga, sjølv om ei avis er lett å kome gjennom, er det vanskelegare når ein sit med ein heil årgang.

Det var då eg kom til å tenkje det som eg sjølv opplevde som ein glup ide. Setesdal Regionråd burde finansiert ei stilling som kunne scanne inn Setesdølen frå fyrste nummer og framover. Desse kunne då vere søkbare, slik at ein kunne finne att viktig stoff som har stått på trykk i avisa. Det hadde vore grunnlag for bygdehistorie i ei ny tid. Nå kan ein finne kyrkjebøker på Internett, Sigurd Haugsgjerd fortalde korleis han hadde funne informasjon om bestemora si, ho var fødd i 1877. Ein burde ha tilsvarande måte å finne den nære historia på, og Setesdølen er vel dokumentasjonen på det som har skjedd frå 1974 til no. Sjølvsagt burde det same vore gjort med setesdalsstoffet i Agderposten og Fædrelandsvennen.

Eit slikt prosjekt trur eg ville vore meiningsfylt.

Med dette er ideen lansert.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *