Gode hjelparar

Share

I kveld vil eg framheve nokre gode hjelparar i sendinga i kveld:

**Ronny Stavsholt** held kurs i fluefiske og fluebinding for VAFA kvar måndag klokka 18 til 20 på Valle skule. I kveld var han i Valle Radio for å fortelje om aktiviteten og om gleda ved fluefiske. Han fekk fyrste halvtimen av den aktuelle timen. Han likte seg hjå oss, så då det viste seg at eg ikkje klarte å få nokon til å lese opp minneoppgåva til Torjus Åkre, som var sett opp som programpost klokka 20:30, steppa han inn og tok ein halv time med musikk. Han hadde eigne plater med seg då han kom, så det kunne han ta på sparket, og det vart ein triveleg halvtime med bluesmusikk. Då den var over, tok han oppgåva som telefonvakt på sparket. Berit Homme, som var sett opp, hadde fått ein annan til å kome, men ho dukka ikkje opp, og då var det ei kjærkomen hjelp frå Ronny.

Den andre gode hjelparen var **Kjersti Tidje**, som kom og fortalde frå arbeidet med isskulpturane på Hovden. Ho hadde vore med å byggje eit leikeapparat i snø, det står utanfor Hovden Høyfjellshotell, og ho fortalde levande om strevet med å forme i den knallharde isen. Ho hadde lova 10 minutt, eg trur det vart over 20 minutt, ettersom eg ikkje hadde fått tak i den eg hadde tenkt å ha med som siste innslag i den aktuelle timen.

Den tredje gode hjelparen var **Mona Kile**, som er rådgjevar i utviklingsavdelinga i Valle kommune. Ho kom til Kommunen informerer, som ho skulle hatt saman med Hege Sandhaug. Men Hege hadde meldt forfall, og Mona tok jobben på sparket. I tillegg var ho med på Open sending. Mona er frå Risdal og har arbeidd i kommunen sidan påske i fjor. Det var fyrste gong ho var i radioen.

Den fjerde gode hjelparen var **Norea Radio saman med Oddveig og Odd Dubland** som gjorde jobben i Tankar frå Bibelen. Det var Bjørgulv T. Berg som skulle hatt den halvtimen, men han brøyter på Furestøyl, og då det bles opp i kveld, var det to bilar som måtte gravast ut. Dermed måtte han melde forfall. Men samarbeidet vårt med Norea gjorde at eg kunne sende ein onsdagsandakt frå serien Over ein open Bibel. Til vanleg nyttar vi bare ein av veka sine fem andaktar i serien. Dette programmet varer i om lag ti minutt, resten av halvtimen song far og dotter Dubland frå ei plate dei har gjeve ut.

Endeleg kom **Ilma og Madina**, som er innflyttarar til Valle frå Litauen og Tsjetsjenia. Dei fortalde om kvifor dei er her og om norskopplæring og liv i Valle.

Til slutt hadde vi **åtte lyttarar** som løyste rebus og kom inn i studio. Dei var trekte ut blant dei mange som ringde inn i kveld.

Alle måtte til for å gjere kvelden interessant og variert. **Gudrun Rysstad** styrte tekknikken med sikker hand og godt smil, og og **Harald Haugland** kunne konsentrere seg om kva han skulle seie når han var på lufta. Med gode hjelparar fungerer det meste sjølv når ting ikkje går heilt slik ein hadde tenkt. Takk til alle.

Ein tanke om “Gode hjelparar”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *