Kultur og kyrkje

Share

Sist sundag, 27. januar var eg i Gjerdrum kirke, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Gjerdrum_kirke Svigerdotter vår er organist der, og eg ville gjerne høyre henne spele. Denne sundagen var det konfirmantpresentasjon. Det er ein type gudsteneste som mange stader ikkje er så populære for den faste kyrkjelyden, for då fyller konfirmantar og familien til konfirmantane kyrkja. Etter mi meining skulle det jo vere motsett, for konfirmantane skal møte den kyrkja dei er ein del av.

Denne sundagen var det 45 konfirmantar som skulle presenterast. Dei aller fleste møtte fram, og kyrkja var ganske full då messa starta med prosesjon. Det skulle vere dåp, den kom nesten aller først i liturgien. Slik kunne konfirmantane verte minna om kva som var utgangspunktet for konfirmasjonen. Kommunen har om lag 5500 innbyggjarar, mange er flytta til kommunen i seinare tid og har ikkje tradisjonen og kulturen frå lange slektsrøter.

Eg opplevde sterkt denne sundagen at ein slik konfirmantpresentasjon ikkje bare er ein start på konfirmasjonstida for konfirmanten, men at det er kyrkja sitt arbeid for å syne dei unge vår kristne kultur. Det skjedde i liturgien, der truvedkjenning og tekstlesing frå Bibelen var sentrale i starten av gudstenesta. Liturgien fylgde vanleg mønster, ein reiste seg og sette seg etter vanleg ordning. Konfirmantane saman med foreldre fylgde godt med i det som gjekk føre seg, og presten inviterte til medarbeid i kyrkjelyden på ein svært konkret måte: Kvar konfirmant fekk ein legokloss (duplo) til å byggje på kyrkja i Gjerdrum med. Framme i koret stod ein modell av kyrkja, uferdig, og då dei kom fram for å hente Bibelen dei fekk til konfirmasjonstida, måtte kvar enkelt setje sin kloss i det byggverket, som altså var mykje lenger kome då denne gudstenesta var ferdig. http://no.wikipedia.org/wiki/Lego

I tillegg var det minning av dei som var gått bort sidan sist gudsteneste, takkoffer og forbønn for kvar konfirmant. Forbønna skjedde ved at eit lys vart tent for kvar konfirmant og sett på døypefoten, som var flytt ned i korset i den gamle korskyrkja.

Eg sat og fylgde med og tenkte at når vår tusen år gamle kristne tradisjon skal bringast vidare til nye slekter, var dette ein fin måte å gjere det på. Jo meir eg tenkte på det, jo meir gjekk det opp for meg at det er viktig å bringe vidare den kristne kultur og tradisjon vi er ein del av, slik dei gjorde det her.

Alle som kom til gudsteneste vart møtte med eit velkomen og eit ark der salmene var skrivne og hovudtrekk av liturgien var sett opp. Slik kunne dei inkluderast i det som skjedde. Arket ligg framfor meg her, det er fullt, men det hadde nok vore plass til namna på dei folka som hadde oppgåver i gudstenesta, då kunne eg presentert dei her. Om eg skulle hugse namna på konfirmantane, måtte det nok vore ei namneliste attåt. Eg trur vi treng slike knaggar til å hjelpe oss å hugse.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *