Kva har du i kjøleskapet?

Share

Dette vart tema for Open sending onsdag 13. februar 2008. Britta Lise Homme og Kåre Rike sat i studio og prata med innringarar frå nord og sør, det vil i denne samanhengen seie frå Rysstad til Berdalen.

Ho hadde litt av kvart i kjøleskapet, og rebusane kom jamt og trutt utover i sendinga med løysingsord som gulrot, makrell i tomat, Clausthaler og spekepølse, mellom anna.

Britta Lise har teke konsekvensen av at det ikkje lenger er så mange som ringjer inn helsingar. Denne gongen hadde ho teke med seg md-opptakaren til Coop Rysstad og spurt kundar om dei ville kome med ei helsing. Så gjorde ho opptak og dei fekk me høyre denne kvelden. Ein slik framgangsmåte gjev resultat, og det var koseleg å høyre dei ulike helsingane. Musikkynskja kunne ho og oppfylle, så alle burde vere nøgde med det opplegget.

I tillegg hadde ho fått Christian Borch med på å kome med ei helsing til lyttarane i Valle Radio. Vi får jo eit visst kjennskap til dei som er i TV-ruta på Dagsrevyen, så slike opplegg vert opplevd triveleg og nært. Han hadde aldri vore i Setesdal, kunne han fortelje, men helsinga gjekk ut til alle likevel.

Til vanleg er Kåre Rike saman med Jorunn Lund Harstad. Ho ringte inn, og då måtte Britta Lise love at ho bare lånte han for ein gong, og at Jorunn kunne rekne med å få han tilbake til neste gong ho skulle ha Open sending. Eg sat og smilte og lo for meg sjølv over koselege kommentarar til dei ulike innringarane.

No har Valle Radio halde til i over 10 år, og Open sending er framleis eit populært program. Eg ringde inn løysingar på mange av rebusane, men vart ikkje trekt ut til å kome inn i studio denne kvelden. Det var heller ikkje Kjellaug Rysstad, som vart svært overraska då ho vann Valle Radio-krus. Britta Lise kunne då fortelje at kruset går til ein innringar trekt ut mellom alle innringarane, uansett om dei kjem inn i studio eller ikkje kjem inn. Tor Brokke, som vann rosa, hadde heller ikkje vore inne til prat med programleiarane. Rosa gav han vidare til Elise Marie Kringen, som i kveld leia bygdekvelden som Hylestad skule arrangerte.

Slik kan ein lage eit triveleg program og eit innlegg på bloggen av det ein har i kjøleskapet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *