Sending i vinterferien

Share

Vi trudde at det skulle vere råd å få til ekstrasending i vinterferien, men det gjekk ikkje. I dag var det ikkje nokon annonse i Setesdølen heller, så eg tok ein telefon til Bjørgulv T. Berg for å høyre kva som skjedde, det er han som er ansvarleg for sendinga i morgon.

Nå blir det vanleg onsdagssending, men det er og alt. Ettersom eg har vinterferien min i Mandal, var det ikkje tysdagssending i dag. Og ingen av programleiarane hadde høve til å ha ekstrasending i vinterferien.

Det er altså Bjørgulv T. Berg som skal ha ansvaret for sendinga. Etter planen skal Inga Flateland vere teknikar, og Karin Bøe skal ha med seg sokneprest Arne Skare i Open sending. Det er hennar andre sending der ho har ansvaret for Open Sending, så eg vonar ho får mange telefonar og ein artig kveld. Ingunn Uppstad er sett opp som ansvarleg for telefonvakt, men eg veit ikkje kven ho har med seg til det.

Vinterferie-rebus 1

Share

Onsdag er det sending att. Karin Bøe skal ha Open Sending. Medan du ventar, kan du løyse desse rebusane, som er relatert til vinterferien. Send svar til harhaugl@gmail.com innan torsdag 21. februar.

1. Tigga + part + fugl
2. Nr. 19 + del av vatn + holme + gutenamn
3. Nedbør + usmelta is + Trygg Trafikk
4. Nr. 2 + fisk
5. Stort dyr + den første kvinna + Tunisia

Svar innan torsdag 21. februar til harhaugl@gmail.com Fyrste uttrekte får premie frå Valle Radio.

Ledige stillingar

Share

Onsdag hadde Ørnulf ein prat med Rune Ingebretsen, som er nytilsett som rådgjevar i utviklingsavdelinga med oppåve å ta vare på kommunen sitt arbeid for å utvikle næringslivet i kommunen. Som eg skreiv på bloggen onsdagskvelden, kjenner han kommunen som hytteinnbyggjar i Everdalen, men han vil bruke tid på å bli kjent med næringslivet i kommunen.

I laurdagsavisa av Fædrelandsvennen var det lyst ledig fire stillingar i kommunen: Rådgjevar kultur, rådgjevar byggesaker, prosjektleiar for kommunedelplan for Hylestad Vesthei og oppmålingsansvarleg. Fire nye stillingar vil i næraste framtid kome til kommunen, bare på utviklingsavdelinga. I tillegg er det ledige stillingar i pleie og omsorg. Dessutan er det lyst ledig stillingar som ferievikar,

Det er altså mange ledige jobbar no. Det er å vone at ein får søkjarar. I annonsen heiter det **Vi bur i eit livskraftig lokalsamfunn, tett på ein eineståande flott natur.**

Eg kastar blikket ut av vinduet desse dagane og ser opp mot Tveitebø og Homme. Det er rett at vi bur tett på ein eineståande natur. Både på austsida og vestsida av dalen er naturen fascinerande flott. På kommunen si heimeside er det mange eksempel på at kulturlivet er variert og mangfaldig. Sjå http://www.valle.kommune.no/Modules/Default.aspx

Matpakke

Share

I samband med Valentindagen fekk eg ein epost som fortalde at kona smurde matpakke til mannen sin og la ved ein hjartesjokolade i pakken, ikkje bare denne dagen, men fleire andre gonger i året.

Då tenkte eg at det kunne nok vere smurning i maskineriet, og at eg på ingen måte er flink med slike små gåver til kona eller andre eg set pris på.

Det er mange måtar ein kan overraske i matpakken, men den tid eg brukte matpakke, var det ikkje så ofte eg vart overraska. Men eg veit om dei som legg eit dikt i matpakken, det gjorde dei til og med på eit fly eg flaug med ein gong.

Krydder i tilværet, heiter det. Eg har etter kvart fått mange meldingar om at Valle Radio er krydder i tilværet, ikkje minst er det mange som set pris på dialekten i radioen. Sjølv om eg ikkje talar stammespråket, er det flott å høyre Britta Lise og Kåre i Open sending på ekte Vallemål.

Valle Radio er ein slik matpakke med næring til ein kropp som treng ulike impulsar for å fungere best mogleg. Medan riksmedia ofte set fokus på det negative, kan Valle Radio leite fram det positive og fungere som ein liten hjartesjokolade mellom brødskivene dine. Regelmessig, men ikkje kvar dag. Smurning i maskineriet Øvre Setesdal, for alle som er glad i denne delen av Mor Norge. Eg veit ikkje kva du vurderer som hjartesjokoladen i matpakken din, men trur at for mange kjem Open Sending ganske høgt. Andaktane vil og mange seie er spesielt kjærkomne. Og så nyhetene då, der ein får møte saker og folk med noko å fortelje om.

Snøscootersending

Share

Tysdag etter vinterferien skal det vere eit folkemøte i høve snøscooterpolitikk. Det skal vere i kommunestyresalen. I går var Trond Støle innom for å spørje om det kunne vere aktuelt å overføre det i Valle Radio. Sjølv om det går ut over tysdagssendinga som eg pleier ha, var det ikkje vanskeleg å svare ja på det spørsmålet. Det er ikkje mange saker som engasjerer så mykje som snøscooterpolitikk i Bygde-Norge, og Valle er ikkje noko unntak.

Til folkemøtet kjem leiaren i styret for SNØFOR, sjå http://www.snofor.no/menu/4/ Han heiter **Jon Olav Alstad**. 39 åringen frå Stjørdal er tidligare stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Nå er han næringsdrivande med gardsbruk som sin hovedgeskjeft. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Jon_Olav_Alstad

I tillegg vil **Steinar Kyrvestad** vere med, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Steinar_Kyrvestad Han er leiar i Utmarkskommunenes Sammenslutning. Sjå http://www.lundogco.no/no/USS/ Der kan du og finne informasjon om seminar og landsmøte som dei skal ha etter påske i Bodø.

Endeleg vil **Åse Ingebjørg Homme** vere med på møtet, ho er lokal leiar i Bondelaget, som sentralt har gått inn for det nye framlegget til lov om motorferdsle i utmark, der snøscooter som privat køyretøy vert pålagd svært sterke restriksjonar.

Møteleiar vert **Trond Støle**, som er ny leiar i Hylestad Snøscooterklubb frå i år.

På grunn av dette møtet, vil eg flytte tysdagssendinga til mandagskvelden. Onsdagskvelden er det kommunestyremøte, som vanleg siste onsdag i månaden.

Kva har du i kjøleskapet?

Share

Dette vart tema for Open sending onsdag 13. februar 2008. Britta Lise Homme og Kåre Rike sat i studio og prata med innringarar frå nord og sør, det vil i denne samanhengen seie frå Rysstad til Berdalen.

Ho hadde litt av kvart i kjøleskapet, og rebusane kom jamt og trutt utover i sendinga med løysingsord som gulrot, makrell i tomat, Clausthaler og spekepølse, mellom anna.

Britta Lise har teke konsekvensen av at det ikkje lenger er så mange som ringjer inn helsingar. Denne gongen hadde ho teke med seg md-opptakaren til Coop Rysstad og spurt kundar om dei ville kome med ei helsing. Så gjorde ho opptak og dei fekk me høyre denne kvelden. Ein slik framgangsmåte gjev resultat, og det var koseleg å høyre dei ulike helsingane. Musikkynskja kunne ho og oppfylle, så alle burde vere nøgde med det opplegget.

I tillegg hadde ho fått Christian Borch med på å kome med ei helsing til lyttarane i Valle Radio. Vi får jo eit visst kjennskap til dei som er i TV-ruta på Dagsrevyen, så slike opplegg vert opplevd triveleg og nært. Han hadde aldri vore i Setesdal, kunne han fortelje, men helsinga gjekk ut til alle likevel.

Til vanleg er Kåre Rike saman med Jorunn Lund Harstad. Ho ringte inn, og då måtte Britta Lise love at ho bare lånte han for ein gong, og at Jorunn kunne rekne med å få han tilbake til neste gong ho skulle ha Open sending. Eg sat og smilte og lo for meg sjølv over koselege kommentarar til dei ulike innringarane.

No har Valle Radio halde til i over 10 år, og Open sending er framleis eit populært program. Eg ringde inn løysingar på mange av rebusane, men vart ikkje trekt ut til å kome inn i studio denne kvelden. Det var heller ikkje Kjellaug Rysstad, som vart svært overraska då ho vann Valle Radio-krus. Britta Lise kunne då fortelje at kruset går til ein innringar trekt ut mellom alle innringarane, uansett om dei kjem inn i studio eller ikkje kjem inn. Tor Brokke, som vann rosa, hadde heller ikkje vore inne til prat med programleiarane. Rosa gav han vidare til Elise Marie Kringen, som i kveld leia bygdekvelden som Hylestad skule arrangerte.

Slik kan ein lage eit triveleg program og eit innlegg på bloggen av det ein har i kjøleskapet.

Onsdagskveld med Ørnulf

Share

Denne onsdagen var det Ørnulf Hasla som hadde ansvar for fyrste delen. Den aktuelle timen var eit intervju han hadde laga med **Olav K. Hovet**, som hadde fått Hæren sin gullplakett for 22 år som områdesjef i Heimevernet. I tillegg hadde han fått eit par andre utmerkingar då han gjekk av, så samtalen gjekk lett om mange sider ved det å ha eit lokalforsvar i grisgrendte strok av landet. I tillegg kom dei inn på andre sider som Olav har engasjert seg i.

Deretter var det **Elise Marie Kringen** som var i elden. Ho hadde med seg **Kristin Brokke**, som er talsperson for FAU ved Hylestad skule, der Elise Marie er rektor. Dei skulle ha bygdekveld i morgon, torsdag. Alt frå klokka 15 kan folk kome på Hylestad soknehus og kjøpe middag, deretter er det åresal utover dagen. Så vert det underhaldning frå klokka 18, elevane har lært å danse gangar, det skal dei syne fram saman med mange andre programinnslag. Denne gongen har dei fokusert på fortida og leita fram tema frå gamle dagar.

Siste innslag i den aktuelle timen var ein prat med **Gunnar A. Rysstad**, som hadde reist til Dubai på ferie. Då klokka var nesten sju om kvelden her, var ho blitt nesten ti der nede. Dei sat ute på ein fortausrestaurant, det var 20 varmegrader, og i dag hadde det vore 29 grader i sjøen. Bensinen var noko billigare der nede, bare 2,50, så bilane var store, sa innehavaren av Statoil Rysstad, som og fortalde at avstandane var så store at dei helst måtte ta taxi, det var ikkje lett å spasere rundt. Gunnar var og imponert av all byggeaktiviteten, dei heldt på å bygge verdas høgaste hus der, den skulle vere 7-800 meter høg. Og det var ikkje det einaste dei bygde, det var byggkraner kor ein snudde seg.

I Kommunen informerer frå klokka 19:00 var det **Rune Ingebretsen** som var gjest. Han er nytilsett for å arbeide med næringsutvikling i Valle. Han er frå Lyngdal, men har feriert i Valle i 25 år og har skaffa seg hytte i Everdalen. Han meinte at turistrelatert aktivitet kunne ha mykje for seg i kommunen. Han kunne og fortelje at det no vert levert ut nye posar til matavfall, posar laga av mais. Dei er vanntette, men vert oppløyste på søppelplassen. Han minna og om nokre søknadsfristar i februar og mars og oppfordra folk til å fylgje med på nettsidene til Valle kommune. http://www.valle.kommune.no/Modules/Default.aspx

Nicolaus Bruhns

Share

Postludium 12. februar 2008 handla om Nicolaus Bruhns (1665 -1697). Niklos K. Besteland hadde sett saman eit program med dei to preludia i e-moll. Mellom desse hadde han funne kantaten «Die Zeit menes Abschieds ist vorhanden», ein kantate bygd over tekst frå Paulus sitt andre brev til Timoteus.

Den lille vart spelt av Piet Kee på orgelet i Roskilde domkyrkje. Den store vart spelt av Almut Rössler på orgelet i Limburg domkyrkje.

Eit variert komponistportrett med virtuos orgelmusikk frå siste del av 1600-talet. Her er lenke til sida på wikipedia om han. Frå den kan du gå til andre språkversjonar og finne meir stoff: http://no.wikipedia.org/wiki/Nicolaus_Bruhns

Her er meir om Roskilde domkyrkje: http://no.wikipedia.org/wiki/Roskilde_Domkirke
Her er om Limburg an der Lahn: http://no.wikipedia.org/wiki/Limburg_an_der_Lahn

Veg og vandring

Share

Dette er tittel på programmet eg skal ha tysdagskvelden klokka 19:30. Ein kunne kanskje tenke at eg er oppteken av føreforholda i Setesdal no for tida. Dei er under all kritikk, i alle fall for ein som vil vandre. Det er glatt både morgon, middag og kveld, sjølv dei som går med to stavar held seg for det meste inne.

Tidvis ser eg på livet i sentrum, Gunnar på Valle Handel sa til meg at eg trong ikkje setje på TV, eg som har så god underhaldning frå vindauga. Sjølv om det er glatt, tek folk seg fram på hålkeføret som best dei kan.

Ikkje tenkjer eg på Riksveg 9 heller. Nord for Ose er den helst problematisk, men det må ein veg gjerne vere medan ein ventar på noko godt. Der det ikkje er vegarbeid, er det stader med mykje is og det gjev slag og store vassdammar. Det burde vore gjort noko med, Risa har fått kritikk for jobben dei gjer. Men dei har hatt mykje snø å slite med i år.

Nei, i programmet tenkjer eg på korleis dette temaet kjem fram i lyrikk og musikk. Det er eit eksistensielt tema, det finst både i salmesang og i popmusikk. Det finst i dikt, og svært ofte er Per og Pål og Espen Askeladd på vandring, altså i eventyr og prosatekstar finst det og. Difor tenkte eg å leite fram nokre slike tekstar og presentere dei i radioen tysdagskvelden. Du får vite meir om du høyrer på Valle Radio.

Mi referanseramme er jo mest kristen sang og musikk. Men eg trur nok at eg skal finne noko anna og. Påskerally på Riksveg 9 kunne sikkert passe. Om eg tek den med, veit eg ikkje enno. Men det vert litt av kvart denne halvtimen.

Program for veke 7 – 2008

Share

**Tysdag 12. februar**

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15: Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Musikk og lyrikk. Tema: Veg og vandring
20:00 Salmekveld
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 13. februar**

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Ørnulfs time med gjester: Olav K. Hovet, Elise Marie Kringen og Kristin Brokke.
19.00 Kommunen informerer ved Velkomstsenteret/ Rune Ingebretsen
19.30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20.00 Musikk i ein heil time!
21.00 Open sending ved Britta Lise med gjest Kåre Rike