Migrasjon

Share

Tida vi lever i er ei tid for store folkeflyttingar. I vesle Valle kommune med knapt 1400 innbyggjarar bur det utlendingar frå mange kantar av verda, og vallefolk reiser til dei fjernaste plassar på kloden, ikkje bare til ei vekes ferie i Spania, men like gjerne til Karibia og Thailand.

Kunnskap om folk og kultur er viktig. Eg som får vere lærar i norsk for utlendingar, har høve til å lære nytt kvar einaste dag. Det kan gjelde skulesystem i andre land, mange stader er det svært annleis enn i Valle. Det kan gjelde religion og kultur. Alle desse tilhøva er viktige å kunne noko om når ein skal møte folk frå andre kulturar.

Det slår meg at folk som flytter hit, er svært tilpasningsdyktige. I radioen sist onsdag møtte vi Ilma som har kome til Noreg for å tene pengar som reinhaldar, sjølv om ho er lærarutdanna og har arbeidd som lærar i heimlandet Litauen. Vi møtte og Madina med mange års studier i økonomi bak seg frå universitetet i Grosny, også ho finn seg til rette i Valle, no i praksis i kassa på Joker.

I joleferien skulle vi hatt med Steinar Hjelmås i Valle Radio. Han hadde kontorpraksis på Håkonsvern og fekk tilbod om ein kontorjobb i forsvaret i USA, så no held han til der borte og høyrer på Valle Radio på Internett. Han er ikkje aleine om det, folk som studerar i Australia eller er på tur i USA kan få med seg sending heimanfrå på internett. Foreløpig må dei høyre sendinga når den går, live streaming er enno modellen. Men vi arbeider med å få til løysing med podcast, slik at deler av programma våre kan høyrast til andre tider og.

Kvar helg er det ein liten migrasjon frå Kristiansand til Hovden og Brokke, i alle fall om vinteren. For tida er det inga sending som når hyttefolket fredagskveldane. Mange saknar Bykle Radio sine program fredagskveldane, Men samstundes er det lett å skjøne at dugnadsfolk ikkje utan vidare kan binde seg til å ha sending fredagskveldar, dei er blitt meir og meir familiesentrerte for folk flest. Vi har sagt at om nokon av programleiarane har lyst til å lage fredagssending, er det bare å få med seg dei som skal til for å lage kveldens program, og så gjere det. Til glede for migrantar og fastbuande.

Komande veke står desse ansvarlege for onsdagssendinga etter oppsett plan:

13. februar
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad
Open sending: Britta Lise Homme

Endringar må dei ordne sjølve. Vi gledar oss til onsdagskvelden.

Påskensending og scootersesong

Share

Påskesendingane nærmar seg og vi har starta å tenkje på dei. Den som tenkjer mest, er nok Helge Dahle, som skal ha ansvaret i år og. Men han har fått med seg gode hjelparar og har tru på at det skal gå bra. Det er eit problem at han er i Sør-Korea i denne førebuingstida, han reiser dit ein av dei fyrste dagane og kjem att like før påske. Difor må ein del av planlegginga ordnast pr. distanse. Heldigvis har vi epost og sms og dei går jo verda rundt. Helge er oppteken av å få innspel og idear. Eg kan formidle dei om du sender til meg på adresse harhaugl@gmail.com.

Vi står framom ei oppgradering av det tekniske utstyret i radioen. Det beste hadde vore om vi fekk det i orden til påske.

Men det er ikkje bare i planlegginga av radiosendingar at påsken nærmar seg. Påsken er høgsesong for bruk av snøscooter når ein skal på fjellet. Å få bruke snøscooter er ein viktig føresetnad for å kunne besøke hyttene ein har på fjellet vinterstid. Når det er ein meter med snø på taket, er det gått å sleppe å gå på ski ei mil eller to inn i fjellet. Eg trur nok Erna Solberg opplevde noko av trongen for å kunne nytte dette unike køyretøyet då ho var med ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund på Austeheia. Eg ville gjerne hatt Bjørgulv med til å fortelje om dette i Valle Radio onsdag, men då eg ringde han, var han oppteken og bad meg leggje att namn og telefonnummer, så skulle han ringe tilbake. Sjølv om eg prøvde to gonger, ringde han ikkje tilbake, så du gjekk glipp av den samtalen i radioen onsdagskvelden.

I gårsdagens Aftenposten var det ein stor reportasje som eg reknar med er generert av turen til Bjørgulv og Erna. Det er Olav K. Hovet som er hovudperson der, og han presenterer nokre av grunnane til at folk i fjellbygdene har eit anna syn på snøscooter enn folk i sentrale strok austanfjells. Her er lenke til den artikkelen: http://forbruker.no/hyttemagasinet/article2241790.ece

Erna har og skrive om turen på bloggen sin. Ho har nokre bilete, men ikkje mykje tekst. Du finn bloggen hennar ved å gå til Valle kommune sine nettsider: http://www.valle.kommune.no

Stev om snø og is

Share

Eg gjorde eit søk i stevdatabasen til Agder Folkemusikkarkiv for å sjå om dei hadde noko om snø og is. Det var bare eit stev, så langt eg kunne finne:

Eg ser kje bloma å grøne blekkje,
men svårte åkra å snøydde vedde.
Den kalle vetren hev sendt a bo
at an æ på vegjen mæ is å snjo.

Ukjent dikter

Difor tenkte eg at eg kunne lage eit stev om det temaet. Men det vart tre då eg fyrst heldt på:

Eg likar ikkje den glatte vegen,
når eg kjem inn, er eg glad og fegen.
Eg likar ikkje den glatte is
og går forsiktig på stivbeint vis.

Eg hugsar god at i fjor så datt e’
I fjor så fall eg i trappa glatt’e
Til no i år har eg gått på to,
eg skull’ hatt piggar på mine sko.

Eg vart sjokkert over min balanse,
på ein fot har eg ‘kje nokon sjanse.
Gjev våren kom med sitt milde drag,
og gav oss tryggleik og glededag.

Om du ikkje kan ein stevtone, kan du kanskje bruke Å mannen ville frå nissen flytte, den passar til dette versemålet.

Her er lenke til stevdatabasen: http://www.folkemusikkarkivet.net/agder/index.html

Gode hjelparar

Share

I kveld vil eg framheve nokre gode hjelparar i sendinga i kveld:

**Ronny Stavsholt** held kurs i fluefiske og fluebinding for VAFA kvar måndag klokka 18 til 20 på Valle skule. I kveld var han i Valle Radio for å fortelje om aktiviteten og om gleda ved fluefiske. Han fekk fyrste halvtimen av den aktuelle timen. Han likte seg hjå oss, så då det viste seg at eg ikkje klarte å få nokon til å lese opp minneoppgåva til Torjus Åkre, som var sett opp som programpost klokka 20:30, steppa han inn og tok ein halv time med musikk. Han hadde eigne plater med seg då han kom, så det kunne han ta på sparket, og det vart ein triveleg halvtime med bluesmusikk. Då den var over, tok han oppgåva som telefonvakt på sparket. Berit Homme, som var sett opp, hadde fått ein annan til å kome, men ho dukka ikkje opp, og då var det ei kjærkomen hjelp frå Ronny.

Den andre gode hjelparen var **Kjersti Tidje**, som kom og fortalde frå arbeidet med isskulpturane på Hovden. Ho hadde vore med å byggje eit leikeapparat i snø, det står utanfor Hovden Høyfjellshotell, og ho fortalde levande om strevet med å forme i den knallharde isen. Ho hadde lova 10 minutt, eg trur det vart over 20 minutt, ettersom eg ikkje hadde fått tak i den eg hadde tenkt å ha med som siste innslag i den aktuelle timen.

Den tredje gode hjelparen var **Mona Kile**, som er rådgjevar i utviklingsavdelinga i Valle kommune. Ho kom til Kommunen informerer, som ho skulle hatt saman med Hege Sandhaug. Men Hege hadde meldt forfall, og Mona tok jobben på sparket. I tillegg var ho med på Open sending. Mona er frå Risdal og har arbeidd i kommunen sidan påske i fjor. Det var fyrste gong ho var i radioen.

Den fjerde gode hjelparen var **Norea Radio saman med Oddveig og Odd Dubland** som gjorde jobben i Tankar frå Bibelen. Det var Bjørgulv T. Berg som skulle hatt den halvtimen, men han brøyter på Furestøyl, og då det bles opp i kveld, var det to bilar som måtte gravast ut. Dermed måtte han melde forfall. Men samarbeidet vårt med Norea gjorde at eg kunne sende ein onsdagsandakt frå serien Over ein open Bibel. Til vanleg nyttar vi bare ein av veka sine fem andaktar i serien. Dette programmet varer i om lag ti minutt, resten av halvtimen song far og dotter Dubland frå ei plate dei har gjeve ut.

Endeleg kom **Ilma og Madina**, som er innflyttarar til Valle frå Litauen og Tsjetsjenia. Dei fortalde om kvifor dei er her og om norskopplæring og liv i Valle.

Til slutt hadde vi **åtte lyttarar** som løyste rebus og kom inn i studio. Dei var trekte ut blant dei mange som ringde inn i kveld.

Alle måtte til for å gjere kvelden interessant og variert. **Gudrun Rysstad** styrte tekknikken med sikker hand og godt smil, og og **Harald Haugland** kunne konsentrere seg om kva han skulle seie når han var på lufta. Med gode hjelparar fungerer det meste sjølv når ting ikkje går heilt slik ein hadde tenkt. Takk til alle.

Stor aktivitet

Share

I programmet kyrkjebakken gjekk eg i kveld gjennom noko av aktiviteten i Setesdal denne veka:

Onsdag er det musikkandakt i Valle kyrkje klokka 19:30. Sissel Åkre skal lese dikt, Sissa Ringstad skal vere liturg og Karin Bøe tekstlesar. Tina M. Høgevold vil spele fløyte og Tonhild Kråkenes trakterer orgelet. Opplegget er felles for heile prestegjeldet.

Onsdag er det og skirenn i Brokke i regi av Hylestad skule frå klokka 17:00.

Torsdag er det tema-konsert i Bygland kyrkje kl. 19:30 ved ungdomskoret Koriallverda og saksofonisten Tore Ljøkjel. Prostidiakon Per Emmanuelsen blir med.

Fredag er det møte i Trydal bedehus kl. 18:00 ved Cyril og gutar frå Landeskogen.

Fredag er det og Sjømannskyrkjekveld i Fjellgardane kyrkje frå 18 til 20. Per Emanuelsen vert med.

Og på Bygland er det årsmøte i Fugleforeinga i Setesdal klokka 18:30.

Fredag, laurdag og sundag er det møte i Byklum bedehus ved Jakob Hånes og i Broderheimen, Oveinang ved Egil Grindland.

Laurdag er det Musikk og glade historier for godt vaksne på Revsnes hotell. Åsetrallen spelar med folkeleg lydnivå.

Det er ei aktiv veke denne veka.

Program for veke 6 – 2008

Share

**Tysdag 5. februar**

Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Lyrikk og musikk
19:50 Salmekveld
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 6. februar**

Ansvarleg:Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonvakt: Berit Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Hege Sandhaug
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Gjester i studio
20:30 Minneoppgåve Torjus Åkre
21:00 Open sending. Harald Haugland, Hege Sandhaug og Mona Kile

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Send epost til harhaugl@gmail.com

Onsdag blir det besøk av innflyttarar i Valle Radio. Klokka 20 skal vi møte eit par av utlendingane som bur i kommunen og få vite litt om bakgrunn og kva dei held på med. Klokka 21 er Harald Haugland vert for Open sending, der det som vanleg vert rebusar og musikk. Med seg i studio har han Hege Sandhaug, som står på flyttefot frå kommunen og Mona Kile, som nyleg har flytta til kommunen.

Kultur og kyrkje

Share

Sist sundag, 27. januar var eg i Gjerdrum kirke, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Gjerdrum_kirke Svigerdotter vår er organist der, og eg ville gjerne høyre henne spele. Denne sundagen var det konfirmantpresentasjon. Det er ein type gudsteneste som mange stader ikkje er så populære for den faste kyrkjelyden, for då fyller konfirmantar og familien til konfirmantane kyrkja. Etter mi meining skulle det jo vere motsett, for konfirmantane skal møte den kyrkja dei er ein del av.

Denne sundagen var det 45 konfirmantar som skulle presenterast. Dei aller fleste møtte fram, og kyrkja var ganske full då messa starta med prosesjon. Det skulle vere dåp, den kom nesten aller først i liturgien. Slik kunne konfirmantane verte minna om kva som var utgangspunktet for konfirmasjonen. Kommunen har om lag 5500 innbyggjarar, mange er flytta til kommunen i seinare tid og har ikkje tradisjonen og kulturen frå lange slektsrøter.

Eg opplevde sterkt denne sundagen at ein slik konfirmantpresentasjon ikkje bare er ein start på konfirmasjonstida for konfirmanten, men at det er kyrkja sitt arbeid for å syne dei unge vår kristne kultur. Det skjedde i liturgien, der truvedkjenning og tekstlesing frå Bibelen var sentrale i starten av gudstenesta. Liturgien fylgde vanleg mønster, ein reiste seg og sette seg etter vanleg ordning. Konfirmantane saman med foreldre fylgde godt med i det som gjekk føre seg, og presten inviterte til medarbeid i kyrkjelyden på ein svært konkret måte: Kvar konfirmant fekk ein legokloss (duplo) til å byggje på kyrkja i Gjerdrum med. Framme i koret stod ein modell av kyrkja, uferdig, og då dei kom fram for å hente Bibelen dei fekk til konfirmasjonstida, måtte kvar enkelt setje sin kloss i det byggverket, som altså var mykje lenger kome då denne gudstenesta var ferdig. http://no.wikipedia.org/wiki/Lego

I tillegg var det minning av dei som var gått bort sidan sist gudsteneste, takkoffer og forbønn for kvar konfirmant. Forbønna skjedde ved at eit lys vart tent for kvar konfirmant og sett på døypefoten, som var flytt ned i korset i den gamle korskyrkja.

Eg sat og fylgde med og tenkte at når vår tusen år gamle kristne tradisjon skal bringast vidare til nye slekter, var dette ein fin måte å gjere det på. Jo meir eg tenkte på det, jo meir gjekk det opp for meg at det er viktig å bringe vidare den kristne kultur og tradisjon vi er ein del av, slik dei gjorde det her.

Alle som kom til gudsteneste vart møtte med eit velkomen og eit ark der salmene var skrivne og hovudtrekk av liturgien var sett opp. Slik kunne dei inkluderast i det som skjedde. Arket ligg framfor meg her, det er fullt, men det hadde nok vore plass til namna på dei folka som hadde oppgåver i gudstenesta, då kunne eg presentert dei her. Om eg skulle hugse namna på konfirmantane, måtte det nok vore ei namneliste attåt. Eg trur vi treng slike knaggar til å hjelpe oss å hugse.

Eit kommunestyre med habilitet

Share

Det var ikkje lett for Pål Dale å halde tunga rett i munnen under onsdagens kommunestyremøte i Valle. Eg var ikkje til stades i salen, men høyrde overføringa på radioen og hadde medkjensle med han. At Pål var ordførar skuldast at ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund og varaordførar Olav K. Hovet begge var inhabile i saka om utbygging av Kvisle ved Furestøyl. Pål fekk med seg Rune Mikkelsen som varaordførar,

Men dei to kommunestyretoppane var ikkje dei einaste som var inhabile. I tur og orden kom ei rekke andre fram og sa seg ugilde av ulike grunnar. Ragnhild Nomeland sin far er grunneigar, Anette Bjørgum Berg sin svigerfar er og grunneigar. Ellen Jansen og Olaf Henrik Homme hadde ektefellar som hadde engasjement i saka, Saavi Nomeland si rolle var og oppe til diskusjon, men eg meinar å hugse at han var habil. Om det var fleire namn oppe til diskusjon, hugsar eg ikkje, men minst seks av dei faste måtte setje seg bak i salen og fylgje med debatten frå sidelinja.

Debatt vart det og, Eg reknar med at fleire hadde hatt lyst til å ta ordet, men dei sat altså på sidelinja. Avstemminga synte at Steinar Kyrvestad, som hadde eige forslag, vart ståande aleine med det. Ikkje eingong Senterpartigruppa fylgde han. Dermed vart forslaget vedteke som framlegget frå Planutvalet var. Men klokka vart 20:30 før dei folkevalde kunne få Jorunn sine gode vaflar og kaffe, om dei då ikkje hadde vore ute undervegs og sikra seg ein kopp.

Vi får vone at utbygginga etter kvart skaper liv og røre når det gjeld arbeid og handel i bygda.

Tuva

Share

Stormen Tuva har fått stor omtale i media. Då eg i går reiste nedover Setesdal, skjøna eg at eg var i utkanten av han, for det sludda og regna om kvarandre, sjølv om vinden ikkje var særleg sterk så langt inne i landet. Eg høyrde på NRK om eit tak som hadde blese av sjukeheimen på Gimle, elles var det intervju med fleire som streva med båtar som låg i sørvende hamner. Etter det eg skjøna, er det sjeldan ein storm kjem rett sørfrå. Men ferjene til Danmark vart innstilte.

På wikipedia har ein teke til å dokumentere slike ekstremver. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Ekstremv%C3%A6ret_Tuva

De som høyrer på Valle Radio og hugsar munnharpeprogramma som John Melhus og eg har hatt, vil vite at John er svært fascinert av strupesangen og munnharpespelet frå republikken Tuva i Russland. http://no.wikipedia.org/wiki/Tuva

Eg vonar at etterdønningane etter stormen Tuva vert små. I dag skal eg i gravferd til Klepp, og gravferd i storm er ikkje å trakte etter.