Utan TV – med TV

Share

TV-apparatet vårt trakk eit siste sukk i vinterferien, og så var epoken med TV med biletrøyr over. No skulle vi få flatskjerm, Det hadde eg ikkje noko i mot, og saman med sonen min, Sigmund, som arbeider med TV og heilt sikkert kan meir enn meg om det, sjølv om han ikkje er så oppteken av det utanom jobben, gjekk eg gjennom ei rekke moglege valg før eg tok turen til butikken.

Ein ting er å førebu seg i ro og mak heime, når ein kjem i butikken, er det mange inntrykk som skal fangast opp, og så skal ein ta inn over seg tilbod som ikkje var på internett, men som verkar gode der og då.

Vi enda opp med eit stort TV, Det var så stort at vi måtte få det levert, eg hadde ikkje plass i bilen, det skulle stå, og kunne ikkje liggje.

Ettersom eg har hatt det ganske travelt i vinterferien, gjekk det ein dag før vi fekk det på plass, men vi lurte på kva som var grunnen til at det fall ut fleire gonger. Etter kvart synte det seg at eit par ledningar var kopla feil, det var mange valg ein skulle gjere i så måte også.

Men no står det der. Det er blitt eit retteleg vindauga mot verda. Det opplevest nesten som å sjå ut vindauga, og det er utruleg mykje som går føre seg der.

I dag hadde eg tenkt å få skrive litt av kvart, men eg vart sitjande og sjå på sport frå Falun. Det er som å ha losje i teateret, det verkar som om systemet er lagt opp slik at eg skal få best mogleg utbytte av det. Skjermen er så stor at det verkar som om folka er i romet og snakkar til meg. Ei utruleg oppleving, noko heilt anna enn det vi hadde før, sjølv om vi aldri opplevde at det ikkje heldt mål.

-Om eg ville ha eit TV med biletrøyr, kva då? spurde eg seljaren.
-Då må du nok leite på finn.no, sa han. Ingen butikkar sel det lenger.

Eg er i grunnen glad for det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *