Valle Sparebank

Share

Valle Sparebank er sponsor for Valle Radio og gjev oss kvart år eit beløp til drifta av radioen. I kveld var det innskytarvalmøte, som vanleg halde i kjellaren på Menighetshuset i Valle. Det er **Bjørg Brokka Rike** som er formann i forstandarskapet til Valle Sparebank, og i kveld skulle det veljast to forstanderskapsmedlemer for fire år og tre varamedlemer for eitt år.

Kunngjering av valet var gjort ei rekke plasser, i avisa, på Internett og ved oppslag, med oppmoding til å sende inn framlegg til kandidatar til valnemnda, som hadde vore Inger Aamlid, Olav Straume og Einar Brokke. I meldinga frå valnemnda heiter det: Det hadde ikkje kome inn forslag innan fristen.

I ein prat eg hadde med Knut K. Homme på møtet, mimra vi litt om situasjonen på desse møta for år tilbake. Då var det mykje fleire folk til stades, i kveld var det 22 personar. Då var det inga valnemnd, men kampvoteringar om å kome inn i forstanderskapet der det vart føreslegne folk frå dei som hadde møtt opp. Med innføring av valnemnd har nok interessa for møta gått ned. Eg trur ein grunn til det og er at folk er opptekne og ikkje synest det gjev nok å bare kome saman for å velje dei kandidatane som valnemnda legg fram. Det hadde nok vore fleire interesserte om møtet hadde hatt eit foredrag om banken sin situasjon, til dømes i lys av Terra-skandalen, ettersom Valle Sparebank jo er ein Terrabank, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Terra-skandalen

Men møtet om situasjonen for banken skulle forstandarskapet ha etter at innskytarvalmøtet var ferdig. Difor banka Bjørg Brokka Rike gjennom vala utan å gje høve til spørsmål eller kommentarar frå innskytarane, heilt i tråd med det som stod i møteinnkallinga: Innskytarvalmøte.

Einar Brokke og Ingunn Holen Olsen vart attvalde, det same vart varamennene Torhild Bjørgum Åkre, Egil Åmli og Ånund Viki. Difor vert dei innskytarvalde forstandarane komande år dei same som var siste år: Einar Brokke, Ingunn Holen Olsen, Inger Aamlid, Knut K. Homme, Elise Marie Kringen, Olav Straume, Anna Stella Karlsdottir og Knut Langeid. I tillegg til desse er det åtte kommunalvalde forstandarar: Pål Inge Bø, Gyro Uppstad, Bjørgulv T. Berg, Olaf Henrik Homme, Bjørg Brokka Rike, Hallvard Tveit, Kent M. Lund og Gunnhild Lien. Frå dei tilsette er Inger Lise Homme og Anette Uppstad medlemmer i forstanderskapet.

Raskt og effektivt gjekk møtet. Så var det kveldsmat, slik som det allstødt har vore. Jorunn Lund Harstad, som stelte på kjøkenet, stemte i bordverset: Gud signe maten på vårt bord. Så kom først karbonadesmørbrød, deretter nydelege smørbrød med reker, egg eller kjøtpålegg. Til slutt var det blautkake. Også dette gjekk raskt og effektivt, for klokka 19 starta det tillyste møtet i forstanderskapet der dei skulle gå gjennom årsmeldinga for banken. Det skjedde i møteromet i banken, så det må eg kome tilbake til.

Og banksjef Vidar Homme lova å kome i radioen onsdag 5. mars og fortelje korleis det går med banken. Du kan gå inn på heimesidene til banken om du vil finne ut meir. Sjå https://www.terra.as/servlet/side?section=28901010000

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *