Mars vert travel i Valle Radio

Share

Komande veke vert det tre sendingar. Det er første veka i mars, og resten av månaden vert visst ikkje mindre travel. Som vanleg vert det tysdagssending og onsdagssending. Dei skal eg ha ansvaret for. Men ettersom det er første fredag i månaden, er det sending til heile dalen. Her vekslar vi med Evje Radio, og det er vår tur denne gongen. Britta Lise skal ha ansvaret for den kvelden.

Så går det ei veke, så kjem påska, og då vert det sending både skjærtorsdag og 1. påskedag, slik som vi har tradisjon for. Helge Dahle er enno i Sør-Korea, eg lurte på om han var på skiskyting i dag då eg såg på TV at dei norske jentene gjekk jaktstart. Men han og resten av radiostaben førebur sendingane og vonar at vi skal gje lyttarane store påskeopplevingar også dette året.

Det vart eit kort innlegg på bloggen i kveld. Teljaren er over på mars den og. Sjølv om februar er ein kort månad, ser det ut til at det vart ny rekord i talet på sidevisningar i februar. Talet på besøkjarar gjekk ned til om lag halvparten av det det har vore nokre månader, frå 5000 til 2.500. Men sidevisningane gjekk opp, og eg har fått tilbakemelding frå folk som seier at det er ganske mykje stoff etter kvart på bloggen. Det er ikkje vanskeleg å samstemme i det. Hyggeleg då at folk finn noko av interesse.