Helsingar

Share

I dag høvde det slik at eg kom til å høyre Ønskekonserten. Ut i eteren over heile Noreg var det ei helsing til Anny Brokke på Rysstad frå syster hennar, som takka for ei triveleg veke saman.

Eg sat i Mandal og smilte og tenkte på dei to systrene som har hatt det triveleg, noko som ikkje var vanskeleg å førestille seg, det er alltid triveleg å møte Anny. Men tankane gjekk vidare til Helsingar som del av Open sending i Valle Radio. Det er gått attende med helsingsdelen av programma våre. Den fyrste tida var det svært mange som sende helsingar. Men no skjer det ofte at dei som er telefonvakter og dei som er i studio, komponerer helsingar, for det kjem ikkje inn særleg mange telefonar med helsingar lenger.

Britta Lise har vore oppfinnsam. Ho har sett seg på butikken og funne folk som får bere fram helsingar i opptakaren, og så finn ho musikken. Omhyggeleg planlegging kjenneteiknar Britta Lise sitt arbeid i radioen, så det er ikkje unaturleg for henne, ho leitar fram kva musikkynskje det skal vere. Vi andre er ikkje så flinke til det. Og vi har ingen sjanse til å måle oss med henne når det gjeld å finne NRK-kjendisar som kan sende ei helsing til lyttarane på Valle Radio. Sist var det Christian Borch som måtte innrømme at han aldri hadde vore i Setesdal, likevel følte vi alle at vi kjente han då han sende helsinga.

I påskesendinga og i Heile-dalen-sendingar elles kjem det ein del helsingar. Då kan vi oppleve at folk helsar frå hytte til hytte. Morosam og trivele underhaldning, synest no eg.

Send ei helsing til harhaugl@gmail.com, så skal eg gjere mitt beste for å få den på lufta til onsdag. Velkommen til å høyre på Valle Radio komande veke.