Før Sesilåmi

Share

Under sendinga fredag 7. mars var Sesilåmi tema. Rolf Erik hadde laga rebusar som var relevante i høve til arrangementet, og eg plussa på med nokre på slutten då det synte seg at ein trong fleire. Men det var ikkje mange av dei som ringte inn som skulle gå løpet. Ikkje mange av dei som ringte inn hadde gått løpet heller. Men svara kom utan problem. Ei av dei han snakka med hadde vore i transportgruppa som frakta heim dei som braut rennet. Elles hadde nok dei fleste bare erfaring frå turar over fjellet på sommarføre.

Noko anna var det då eg i dag møtte James Karlsen på Soknehuset. Han er debutant i år, men har 40 mil bak seg i løyper på Hovden denne vinteren. Son hans, Sindre, gjekk i fjor og kytte av turen, då gjekk den i strålande sol. Men eg såg folk med 15-årsmerke på skidressen, og Gunnar Brottveit på Valle Handel har vel gått alle med unntak av eitt renn. Kollegaen min på vaksenopplæringa i Valle, Øystein Berg, har gått fleire gonger no og satsar på å gå i år også. Mest kvar dag etter jol, når veret har vore lagleg, har han trent i lysløypa på Furestøyl. Medan eg sat og venta på at James skulle hente nummeret, kom ein Hå-bu eg har vore i selskap med hos presten på Varhaug bort til meg, han var og klar for ein stri tur over fjellet. For regnet silte ned.

I Soknehuset hadde bygdekvinnelaget rigga til kafé der folk kunne få kaffe og litt å bite i medan dei venta. Det var smørjetips å få for den som var usikker på kva han skulle smørje med, om du hadde feil ski, kunne du få kjøpe nye i ausande regn utanfor soknehuset. I storsalen var det utleige av madrassar for dei som skulle sove der, 100 personar hadde fått plass i roma etter det eg skjøna. Då eg var der, stod det tre turbussar på parkeringsplassen, i tillegg var det ganske mange bilar. Og regnet silte ned.

Vi tok oss ein tur på Sylvgarden, vi var tidlege. Sjølv om dei hadde bryllaup i kjellaren, venta dei storinnrykk til middag litt seinare på kvelden. Og alle senger var opptekne der og. Som vanleg ligg det folk i alle hus denne helga, bedehuset på Nomeland er fullt av skiløparar komande natt. Medan vi sat på Sylvgarden, tok dei fyrste til å kome inn. Og då vi gode og mette drog frå Rysstad, silte det framleis ned.

Om det er snø i høgda, har dei ein stri tørn med å halde låma open. Vermeldinga ser ikkje ut til å vere på arrangementet si side når det gjeld nedbør. Men når det gjeld vind, reknar ein med høvelege forhold i fjellet. Her er lenke til Sesilåmi på Internett: http://www.sesilami.no/