Antennesjekk

Share

Det er lurt å sjekke antennene til Valle Radio om vinteren. Dei ligg på høge punkt i heia, og om vinteren kan ein ta seg fram med snøscooter. Laurdag 8. mars hadde vår tekniske sjef Jørund Georg Jore ein avtale med Jørgen Lien, som leverer utstyr til Valle Radio, om å ta ein inspeksjonstur. Diverre vart Jørgen sjuk, men Jørund fekk Geir Olav Uppstad med som vikar.

**Jørund fortel:**
På Løefjødd hadde båe festa til røyret som held antenna som mottek signal frå Ljomsnuten brote rett av. Antenna hadde snurra rundt og hekk etter kabelen. Av ein eller anna tilfeldig grunn peka den mest i rett retning. Men det er klart at i vind ville den lett kunne svinge med resultat at mottakaren ikkje fekk inn signal og sendaren difor ikkje hadde noko å sende. Mest sannsynleg er dette årsaken til at sendingane på Rysstad har vore ustabile. På Løefjødd er sendarantenna ein «pisk» som står rett opp i toppen av stolpen.

Festet vart teke med til Otera i Øyne og nytt feste var montert. Deretter vart det ein ny tur til Løefjødd for montering.

Deretter drog Jørund til Ljom for å sjå korleis det var der. Ettersom Geir Olav måtte heim, fekk han med seg sonen sin, Knut Olav, på den turen. Det var noko hardare ver der.

-På Ljom er mottakarantenna montert i toppen av den store masta. Det er sendarantenna som står i gavlen på hytta. Alt var i orden på Ljom, fortel Jørund, som vonar at alt teknisk no skal vere klart til påskesendinga.

**I studio**
I studio har me fått nye mikrofonar. Vi har gått over til øyreklokker som har mikrofon. Dermed kan ein vere friare i studio enn med fastmonterte mikrofonar. Vi har og fått kompressorar til mikrofonane, slik at lyden ikkje går over eit fastsett volum om nokon til dømes hostar.