Siste onsdagssending før påske

Share

Sendinga i kveld, 12. mars, var siste sending før påske. I høve dette hadde Ørnulf Hasla, som var ansvarleg for kveldens program, fått tak i ein representant for **Maxi Catering**. Dei skal sponse påskesendinga på ein spesiell måte i år ved at dei gjev premiar til konkurransane og mat til alle som er med under sendinga skjærtorsdag og 1. påskedag.

Maxi Catering skal dele ut ein boks rekesalat til alle som stoppar på Moisund på turen oppover. Der står Røde Kors som vanleg og deler ut informasjon og Setesdølen sitt fyldige påskenummer. På den boksen med rekesalat er det eit nummer, og i sendingane i Valle Radio vert det trekning på fine premiar i høve desse gratislodda. Då er det bare å sitje klistra til radioen og vente på trekninga som kjem, og det er fleire trekningar kvar kveld.

Neste innslag i sendinga var **Sylvia Barmann Jensen** og **Olav Sagneskar** som hadde gått vidare frå den lokale arrangementet i Ungdommens kulturmønstring på Evje. Dei framførte songen dei hadde framført der, og Ørnulf ønska dei lukke til når dei skulle til Arendal og fylkesfinalen.

Deretter kom Lene Dyrkorn i studio. Ho oppdaterte oss på situasjonen når det gjeld folkehøgskole i Valle, som diverre ikkje er så lysteleg. Det er ikkje lett å overtyde sentrale politikarar om det flotte i dette prosjektet. Ho fortalde og at ho hadde overteke etter Tarjei Haugen som prosjektleiar for sylvsmedprosjektet som ein prøver å realisere i samarbeid med Universitetet i Agder.

I halvtimen frå 19:00 til 19:30 skulle Hylestad barnehage vore med i Kommunen informerer. Men det vart Dansebandhalvtime med Ånund K. Homme i staden, for ingen frå barnehagen dukka opp. Det gjorde derimot Håvard Viki klokka halv åtte for å ha Tankar frå Bibelen. Og klokka 20:00 kom Sylvia attende med to venninner for å spele musikk dei likar. Det vart ein triveleg time med musikk som var god å lytte til.

Frå klokka 21 var det Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som var i studio til Open sending. Denne kvelden la dei ut to rebusar i slengen, ein med stadnamn, nokre av dei hadde Jorunn henta frå NRK sine rebusar om stadnamn på Agder, og ein om vårblomar. Det vart ein storm av telefonar. Eg hadde budd meg på ein vanleg kveld, så eg tenkte at eg skulle klare det aleine. Men 90 telefonar denne kvelden gjorde at eg helst vart varm i øyro av all ringinga. Og dei som kom inn i studio, kommenterte at det var ein triveleg kveld med eit interessant opplegg.

Eg gløymde å få namna på vinnarane den kvelden men Jorunn hugsa dei då eg spurde henne, så her kjem dei:

Rosa: Else Marie Lunden, som gav den til gruppe 2 på Valle alders- og sjukeheim.
Krus: Solveig Storsteinnes og Olav Flateland – i hytte på Bjørnevatn
Sakser: Tor Haugum
Termometer: Angerd Mosdøl
Handmiksar: Britta Lise Homme
Ullsokkar, gåve av Gyro K. Homme: Solveig Storsteinnes og Olav Flateland