Helge Dahle direkte frå Korea til mikrofonen

Share

Sist fredag hadde Setesdølen ein artikkel om sendingane våre, skriven av **Sigurd Haugsgjerd**. Eg siterer frå den her på bloggen:

**Valle Radio med to maratonsendingar i påska**

Også denne påska legg Valle Radio opp til to svære maratonsendingar, Skjærtorsdagskvelden og 1. påskedag. I tillegg til musikk og underhaldning blir det framfor alt lotteri som skal sikre radiodrifta resten av året.

Helge Dahle blir programleiar også denne gongen. Han kjem direkte frå oppdrag i Korea, men er motivert som aldri før med tanke på å få både fastbuande og påskegjester i tale. I studi har han med seg Britta Lise Homme og Tore Dahler Katerås, men er elles også tilknytta eit nettverk som saknar sidestykke. Bortimot 30 menneske står bak kvar av sendingane som i seg sjølv er både fysiske og tekniske krafttak. Her blir alt av teknikk som Valle Radio har hand om, rulla ut for å lose folk gjennom både direkteinnslag frå bygda og langvegs frå, ein vrimmel av musikkynske og helsingar på alt frå telefon, sms og e-post, men fyrst av alt eit intenst for ikkje å seie aggressivt loddsal.

**Slepp å ha bingo**
Det er det som me tener desse radiokveldane i påska me lever på heile resten av året, seier radioredaktør Ørnulf Hasla. Påskesendingane gjer at Valle Radio kan konsentrere seg om å lage program i staden for å bruke mykje tid og krefter på bingo og andre inntektsbringade aktivitetar. Men i påska er det altså gambling og full rulle. Hovudgjevinsten er også denne gongen mannsbunad frå Setesdal. Radiofolka reknar vel med at det er mennene som er dei mest pengesterke – også i påskefjellet.

Begge kveldane blir det selt lodd på bunaden, men 1. påskedag blir sendinga avslutta med trekning.

**Mange flotte premiar**
I tillegg til bunaden er det forresten også mykje anna å skryte av på gevinstbordet. Programleiar Helge Dahle driv stort i varmepumper og har like godt sponsa ei splitter ny varmepumpe ferdig montert til den nette summen av 20.000 kroner – som ekstrapremie.

Ørnulf Hasla seier at næringslivet i det heile, både lokalt og i byen, har strekt seg langt for å skaffe lotteriet flotte gevinstar. Ein av sponsorane, Maxi Catering, deler også ut små boksar med salat ved Røde Kors sine fjellsikringspostar der også Setesdølen blir delt ut til folk på veg til påskefjellet i år. Under sendingane på Valle Radio i påska blir det trekt gevinstar frå Maxi Catering tre gonger kvar kveld.

**Reine Jolemessa**
Sendingane går ut over sendarnettet i heile dalen. Det vil seie at 20 – 30.000 menneske mellom Bjåen og Vennesla etter alt å døme får med seg moroa. Om stemninga vert god, kan godt tidlegare lotterirekord på rundt 200.000 kroner bli slått. Det er vel berre Misjonssambandet si jolemesse på Rysstad i november som greier å samle inn like mykje pengar på så kort tid. Difor er det så imponerande det som den entusiastiske staben i Valle Radio har makta å få til gjennom så mange år.