Etter påskebasaren

Share

Andre påskedag var vi i radioen for å få orden på gevinstane. Noko skulle til Valle og Rysstad, noko skulle til Bygland og Evje. Det var Helge Homme, Harald Haugland, Helge Dahle og Britta Lise Homme som ordna opp i listene og fekk levert rett gevinst på rett stad.

Ånund Lund, som vann middag på Bykle Hotell, kom innom for å hente gevinsten sin, han ville gjerne bruke han alt same dagen. Dei som vann andrepremien kom og innom for å høyre kva den besto i. Det synte seg at dei hadde nett fylt 50 år, men hadde avlyst feiringa. Med ein gevinst som besto i koldtbord for 20 personar med kokk frå Maxi Catering rekna dei med å halde eit selskap likevel.

Etter kvart som dagen gjekk, fekk vi sortert gevinstar og gåvekort som skulle sendast eller leverast. Så stod vel i grunnen att arbeidet med å sende ut rekningar. Etter det eg forstår er no dei rekningane som gjeld firma (som får loddkjøp som reklame) alt komne i posten. Då står det att dei rekningane som gjeld deg og meg, privatpersonar som kjøpte lodd.

Dei siste åra har vi hatt eit samarbeid med Otra Kraft slik at rekningane vert sende ut gjennom deira system. Det er ei sponsegåve vi set stor pris på, det sparar oss for mykje arbeid først og framst, men og for utgifter. Tusen takk til dei og til alle andre sponsorar for at de så velviljug stiller opp og gjer det som må gjerast for at vi skal ha ein levande lokalradio i Øvre Setesdal.

Helge Homme fortel at når rekningane er sende ut, er det morosamt å opne posten til radioen. Kvar dag kjem innbetalingane frå fjern og nær på store og små beløp. Å vere kasserar under slike tilhøve er ein gledejobb, synest han.

Takk til alle som betalar raskt og greitt. Å sende ut purringar er ikkje nokon triveleg jobb, det skjer, men gjeld heldigvis få. Resultatet gjev oss høve til å drive radio utan bingo og alle arbeidskrevande tiltak for å skaffe pengar elles i året. Det set me stor pris på.