Minne frå svenske grender

Share

Den som les på wikipedia får vite nye ting dagleg. Det er no mange år sidan eg køyrde gjennom Idre og Särna i Sverige. Vi brukte å ta ulike vegar nedover når vi skulle på sommarferie medan vi budde i Vesterålen.

Ein gong høvde det slik at vi kom til å køyre gjennom desse to grendelaga langt inne i dei svenske skogane i Jämtland, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Jämtland med Ôstersund og Härjedalen , sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Härjedalen og vidare ned til Dalarna, der vi valde å dra over til Røros.

I dag kom eg over ein artikkel på wikipedia som vekte minne om desse grendene i grensetraktene mellom Norge og Sverige. Den står her: http://no.wikipedia.org/wiki/Daniel_Buskovius og handlar om ein prest som vart nasjonalhelt i Sverige etter at han saman med 200 bønder hærtok bygdelag som høyrde til Noreg, men som var blitt så isolerte frå landet at dei ikkje lenger opplevde seg som norske.

Det er ei litt anna historie enn den offisielle, som seier at desse delene av Norge vart gjevne til Sverige ved freden i Brømsebro, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Freden_i_Brömsebro Same korleis det heng i hop, det var interessant å lese om det, og om du som les bloggen, er interessert i historie, finn kanskje du og det interesant.