Bloggar frå Valle

Share

Bloggar frå Valle er det så vidt eg veit ikkje mange av. Slik sett har denne bloggen vore ganske eksklusiv med over 900 innlegg og over ein kvart million sidevisingar sidan eg starta for to og eit halvt år sidan.

For ei tid tilbake fortalde Lisbeth på biblioteket at Gyro, dotter hennar, som eg for år tilbake hadde på skulen, hadde starta sin eigen blogg. Eg måtte inn og sjå, her er lenka til bloggen hennar: http://fivreldagar.blogspot.com/ Ta turen innom du og, skriv gjerne ein kommentar og gled deg over vakre bilete og nydeleg språk, høyr bare på dette om ein katt ho møtte og syner oss fleire bilete av: Og la seg midt i gata, med eit uttrykk surare enn små villplommer i juli…. Gyro starta å skrive i februar.

I påska starta Lisbeth sjølv opp sin eigen blogg. Ho fortel at ho har gjort ein avtale med Gyro, slik at Gyro tek bilete, men Lisbeth skriv. Ho trur ikkje det blir så ofte ho kjem til å skrive, medan eg meiner at ho må skrive kvar dag, då vil ho få faste lesarar. Både Lisbeth og Gyro har fått fleire kommentarar på det dei skriv. Her er lenka til Lisbeth sin blogg: http://www.bibliofiolen.blogspot.com/

Lisbeth skriv om boka To: Scener fra et kunstnerekteskap av Märta Tikkanen, som vi les i lesesirkelen vår i Valle i vinter, under mottoet **Agder les finsk**. Det var hennar fyrste innlegg på bloggen. Ho har fått kommentarar på artikkelen om vottar og artikkelen utan tittel, mest om vår og vér, men ikkje om Tikkanen si bok. Eg får vel prøve å gje ein kommentar, ettersom eg og las den boka.

**Fivreldagar** og **bibliofiolen**, to bloggar til frå Valle altså. Er det nokon av lesarane som veit om andre bloggar frå Valle, ville eg sett pris på å få vite om dei, slik at eg kunne nemne dei her på min blogg.

Stikk innom bloggane deira, du og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *