I utkanten

Share

Etter ei god natt vakna vi til ein morgon med eit par centimeter snø i dag. Men himmelen viste blåe flekkar mellom det grå, så vi var positive der vi åt frokost, smurde nistepakke og gjorde klar for tur til Furestøyl og vidare til Sinnes for James. Eg var sjåfør, så eg skulle heim att etterpå. Ved halv ni-tida la vi i veg.

Er det nesten bart nede i dalen, så er det nesten ein meter med snø i området ved Furestøyl, og på parkeringsplassen var det studd saman ein horde med bussar. Bussen frå Valle starta halv sju, no stod den oppe og var venterom for dei som skulle starte utetter dagen. Tilsvarande var det for dei som kom frå Mandal med buss. Når alle hadde starta, kunne bussane ta fatt på turen ned dalen til Evje, vidare til Tonstad og så opp Sirdal til Sinnes.

Ti på ni sette eg passasjeren min av og ønska han god tur. Så rygga eg meg ut i kanten for å sjå litt på det yrande livet på den store parkeringsplassen. Eg tenkte på Sigmund som var på ein matstasjon inne på heia dei åra han gjekk på skule i Valle. Det er eit stort dugnadsapparat som må til for å få avvikle eit slikt renn. Øyvind Jacob var speakar og talde ned til start. Klokka ni starta menn mellom 15 og 30 år, og så gjekk det slag i slag utover. Då hadde dei fyrste vore i løypa frå halv åtte, men like fullt var det nesten som tog som la i veg innover i heia.

Eg var ikkje den einaste sjåføren i liten bil på Furustøyl denne morgonen. Fleire gjekk ut av bilen og tok bilete av den som skulle gå, før dei tok fatt på turen mot Sirdal for å hente. Eg heldt meg inne, etter kvart var det blitt ganske oppkøyrt, med store hol i isdekket/ snøen. Så etter å ha snust litt på folkelivet, la eg meg mellom dei fyrste bussane og rulla ned Brokkebakken til Nomeland att. Der drog bussane mot sør, medan eg drog heim att til Valle.

No er løpet over. Kor lang tid dei brukte, dei eg kjenner, har ikkje vore råd å få opp på skjermen min enno. Truleg er det mange som leitar i listene i kveld, for sidene vert ikkje viste. Men her er heimesidene, du kan sjå sjølv: http://www.sesilami.no/

Tor Joar Ravndal vann for 9. gong i år. Han er frå Gjesdal IL, eg sender gratulasjonar til min opphavskommune så vel som til arrangørane for gjennomføringa. Mot ganske mange odds verkar det som om gjennomføringa var grei.

I fjor var det sett ned ein komite som skulle sjå på kva ein kunne gjere for å utnytte Sesilåmi betre i Valle. Korleis det gjekk med det arbeidet har eg ikkje sett noko om. Kanskje Valle Radio bør ta ein prat med assisterande rennleiar Tarald Myrum frå Valle IL for å gje lyttarane svar på kva dei kom fram til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *