Meir om Hermine 1

Share

Etter kvart har eg hamna på leiting etter Hermine Bernhoft Osa (fødd 1865). http://no.wikipedia.org/wiki/Hermine_Bernhoft_Osa Eg lurte på korleis ho og Lars (fødd 1860) kom saman, han ein spelemann og målar frå Hardanger, ho var fødd i Oslo etter det eg har funne ut. Då eg fortalde Lisbeth på biblioteket i Valle om dette, sa ho at ho hadde ei bok om son deira, Sigbjørn, den siterte eg litt frå på bloggen i går, og så ei som Lars Osa sjølv hadde skrive om livet sitt: Med pensel og feleboge. Minne frå ein lang arbeidsdag i stilla og i storm.

Ho måtte i magasinet, men sjølv om ho sa det var noko uoversiktleg der akkurat no, så fann ho den. Der kunne eg lese om Lars Osa som fekk med eit bilete på verdsutstillinga i Paris i 1890, biletet Faderen. Bak i boka er det svart-kvitt-bilete av målariet, men på Internett fann eg eit fargebilete og, det syner seg at det er 133 x 165 cm. Sjå http://tinyurl.com/mhkkcz

**Frå side 53 i boka skriv Lars Osa: **

Den som berre hadde kunna slege fylgje. Tanken haka seg fast i meg, endå so stengd som vegen til Paris syntest vera for meg. Då var det ein ven som talde meg til at eg skulle søkja um eit lite stipend heime i Ulvik, Kølles legat heitte det. Ja, ja, det duger ingen ting ufreista. Søkte so eg um 300 kroner, og fekk deim.

Med stor trott vitja eg det store sjået, og var trufast gjest i dei namnfræge kunstsamlingane i byen. Og eg såg meg um i Paris. For ein rik og fager by!

Men det største og merkelegaste var noko som hende burtanfor all tanke og plan.

Det byrja med det, at ein dag som eg gjekk ikring på sjået (verdsutstillinga) og skoda på sakene og var langt inne i mine eigne tankar, der veit eg ikkje av fyrr det stend tvo menneske attmed meg og helsar, ein kar og ei kvinna. Karen kjende eg, – eg hadde helsa på han i Oslo. Der var han vel kjend, eller vart det i vissa seinare, frå revyar som han skreiv teksti til, og frå «Norske Intelligenssedler», som han var medarbeider i, likeeins frå skjemteblad (Søren i «Karikaturen»). Han heitte Thorvald Bernhoft, og hadde visst eit journalist-stipend til heim-sjået i Paris. Ho som var med han, det var syster hans. Ho heitte Hermine Bernhoft, og det namnet var heller ikkje ukjent millom folk som følgde med i bokheimen. For ho hadde gjeve ut velgjetne bøker, helst barnebøker, sume umsette frå fransk, sume som hadde teke av seg sjølv: «Den som liten er», «Smaatraak» og kva dei no heitte. Serleg fekk ho vellæta for lett og fin stiling. Henne hadde eg ikkje sett fyrr, og visst ikkje ho meg heller, endå me hadde butt eit års tid like attmed kvarandre, i kvar sitt av tvo grannehus i Sofiegata i Oslo. Det var då mest snodigt at me inkje hadde fenge auga på kvarandre fyrr; men so gjorde me det til vederlag so mykje grundigare her i Paris, og det byrja med same bror hennar hadde gjort oss kjende. Kjennskapen auka på, i storom, kan eg vel segja, i dei tvo vekone me hadde framfyre oss til å vera saman i, fyrr eg måtte fara heim att.

Meir om dette seinare…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *