Påskerally på Riksveg nr. 9

Share

Sendinga 1. påskedag starta med denne melodien. Ikkje unaturleg, trafikken var stor denne ettermiddagen. Trafikken var så stor at då eg kom oppover, lurte eg på om det var folk att til å høyre på sending i dag.

Då slo tanken meg at for å ha eit stort publikum, burde me kanskje gått over til å ha siste påskesendinga på påskeaftan i staden for å ha den om kvelden 1. påskedag. Det får vi vurdere til neste år.

Trafikken var stor, men den gjekk fint. På strekningen frå Evje og oppover møtte eg bare eit par bilar som køyrde forbi i køen, så det var ikkje eksempel på villmannskøyring så langt eg kunne sjå. Men på Texaco Evje hadde dei det travelt, det er mange som stoppar der på tur opp eller ned.

Vermeldinga for morgondagen fekk Helge frå Meteorologisk institutt. Ho som melde veret hadde som eg feira fyrste del av påska i Mandal, ho skulle ta med helsing til vår lokale meteorolog Kristen Gislefoss, som hadde vore på arbeid heile påska.

Rolf Erik Homme hadde vakt i politiet. I frå politiloggen nemnde han ulukka i Stavdalen, som har prega bygda. Det har vore andre trafikkulukker, tjuveri av scooter og innbrot i bilar. Nedanfor har det vore meldt om ei valdtekt på Byglandsfjord. Politiet har eit stort distrikt, frå Hovden til Åseral, så det skjer noko, men sjeldan har ein dødsfall i samband med påskeutfarten. Men dei kan få hjelp frå Kristiansand om dei sjølve er på Hovden og det skjer noko på Evje.

Telefonrunde til Røde Kors på Hovden og Brokke synte at det hadde vore få problem begge stader. Det var tale om uhell innandørs og vrikka ankel og problem av den typen. Dermed kunne dei gå litt på ski og trene litt på scooterkøyring og teste GPS utan at det var alvorlege hendingar som stilte kunnskapene på prøve til no i år.

I **Setesdølens nyhetsrapport** kom det fram at det var Åsmund Homme, opprinneleg frå Valle, men busett på Søm i Kristiansand, som omkom i raset i Stavdalen. Lensmann Knut H. Nomeland rosar dei 20 frivillige som deltok i leitinga etter Åsmund Homme. Setesdal Brannvesen, Valle Ambulanse og Røde Kors. Valle Fjellredningsgruppe var med her, dei var og ute i å avklare ein situasjon på Rysstad. Bykle Ambulanse var innblanda i ein kollisjon ved Hoslemo. Det har og vore tjuveri fleire stader i dalen, mellom anna av snøscooter.

Talet på aktive bønder i Bygland er halvert det siste året. Sokneprest Stein Ødegård har fått nytt kall på Bryne der han kjem frå. Han flytter til sommaren.

—-

Dette innlegget på bloggen vart skrive mellom 18 og 19, slik at eg skulle få notert noko i kveld og. Eg vil ta ein tur i radioen no, og der reknar eg med at det er for travelt til at eg får skrive særleg mykje meir på bloggen i kveld.

Set på radioen eller gå til http://www.valleradio.com/internett.htm og kom deg inn og høyr på sendinga på internett. Hugs at du kan kjøpe lodd, støtt Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *