Fyrst takk til alle som kjøpte lodd i gårsdagens sending. Det kom inn 103.000 kroner denne fyrste kvelden av påskebasaren vår. Takk til alle i studio som gav oss ein triveleg kveld.
Eg trudde eg skulle klare å fylgje med heile tida, men det var vanskeleg å få med seg alt. Difor legg eg i dag ut rebusane, men ikkje kven som kom inn i studio på dei ulike oppgåvene. Om Britta Lise eller Helge har oversikt og sender meg, skal eg leggje det ut seinare. Men dei oppgåvene eg ikkje fekk med i går, kan de få del i, de som ikkje høyrde, eller de som høyrde og vil lese dei ein gong til.
4.
I kommunesenteret til Røldal skal det vere stor påskefest med ei rekke kjente musikkgrupper. Ei av gruppene er frå Hordaland og spelte der i går, onsdag.
Rebus: Tull + Lever på posten! + ung mann + ha en tanke om
Vassendgutane
5.
Men kor i Hordaland er Vassendgutane frå?
Rebus: Fem + pronomen
Svar: Voss
6.
Ein epledyrkar og lyrikar kom frå ei nabobygd til Voss. Det er 100 år sidan han vart fødd i år, og Gunnar Hillestad har laga ei flott utstilling på biblioteket i Valle med dikta hans. Eit av dikta lyder slik:
Bruk ikkje sandpapir
Bruk ikkje sandpapir der ein visshøv kniv har skore
rett ikkje skifaret som bar deg frelst yver hamrane,
ta ikkje i deg ord som ein gang er sagde.
Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi,
i den sprekka dei slo
kan grunnvatn stiga.
Kor budde Olav H. Hauge?
Rebus: Varg + Preposisjon + Nr. 11
Svar: Ulvik
7.
Når vi fyrst er i området her, kan vi jo spørje etter eit populært instrument frå denne regionen.
Rebus: Ikkje mjuk + preposisjon + karakter + tone + regne
Svar: Hardingfele
8.
Så tek vi Bergensbanen frå Voss til ein annan vintersportsstad. Kor hamnar vi med denne rebusen:
Rebus: Tone + ikkje + på ullplagg
Svar: Geilo
9.
Så skal vi til ein nabokommune til Geilo. Der møter vi ei norsk musikkgruppe som har blitt spelt ein del på Valle Radio.
Rebus: Lykke + kjøretøy + åsside + auk
Svar: Hellbillies
10.
Endå ein vintersportskommune skal vi innom, nord for heimstaden til Hellbillies.
Rebus: Loft til å sove i + løfte + Nr. 1 + Liter
Svar: Hemsedal