Vi treng fleire teknikarar

Share

Ved nokre høve har vi tala saman om at vi treng fleire teknikarar i Valle Radio. No deler eg det med dykk som les på bloggen.

Om du ser på lista vår, vil du finne at vi har fire faste teknikarar, Inga, Torhild, Gudrun og Knut Olav. Så hjelper Jørund Georg og Torleiv når det trengst, særleg ved dei store sendingane. Av og til steppar eg inn på onsdagssendingane, og eg er teknikar sjølv på tysdagskveldane. som jo er enklare i opplegget.

No går det mot slutten av 10. klasse for Knut Olav, og med det dreg han ut av bygda, slik som dei andre på den alderen. Det betyr at frå hausten av vil vi ha ein mindre på lista. Om vi skal klare å halde ei jamn drift, bør vi vere minst fire faste teknikarar. Difor er det på tide å minne lesarane om at vi gjerne tek imot folk som vil vere med som teknikar i Valle Radio. De får ein opplæringsperiode saman med ein av våre faste folk, og smått om senn får de prøve dykk sjølve og etter kvart blir det ansvar åleine, før ein så blir sett opp på lista og vert ansvarleg teknikar om lag ein gong kvar månad.

Valle Radio er eit triveleg arbeidslag, eg vonar at nokon av dykk som les bloggen kunne tenkje å verte med. Saman skaper vi trivsel i bygda, det ville for mange slett ikkje vere det same å bu her om radioen ikkje fanst. No har vi halde på 10 år, vi er langt inne i den 11. sesongen. Velkommen med i laget.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *