Aktive bygder

Share

I helga som var las eg i avisa at det var ei rekke bygder som ein rekna med ville ha store problem med å klare seg i åra framover. Dei fleste var på Vestlandet og i Nord-Noreg, men då eg saumfor artikkelen, var også Bykle nemnd som ein kandidat. Etter det eg skjøna var det viktig å halde oppe eit handlegrunnlag om bygda skulle overleve. I så måte gjorde nok Bykle kommune rett då dei kjøpte Texaco-stasjonen. Dermed er det ikkje så tungt å starte for ein som vil drive den, i og med at han slepp dei tunge investeringane i eigedom for å kome i gang.

Eit anna viktig element for å halde ei bygd levande er at det er eit foreningsliv i bygda. **Sundagskvelden** var eg på årsmøte i **Valle Normisjon**, som er ei slik forening. Ho har nok vore meir livskraftig tidlegare enn ho er no, vi var bare 8 personar på møtet. Men foreninga står for ein viktig del av religiøs møteverksemd i Valle, og dei har organisert bønemøter heilt sidan 1946. I tillegg har dei sundagsmøter i vinterhalvåret annankvar sundag, dei har joletrefest og andre større samkomer, gjerne i samarbeide med andre organisasjonar. Eg hadde gleda av å vere med då dei feira 100-årsjubileum, då heitte dei Valle Indremisjon. Dei gav ut eige festskrift og kunne sjå tilbake på stor aktivitet gjennom mange år.

**Mandagskvelden** var eg til stades på vårmøte og årsmøte i **Valle pensjonistforening**. 22 pensjonistar var samla på Valle Motell. Valet førte til at Nella Nerem Homme etter eige ønske kunne takke av som leiar, Ho og Ånund K. Homme har stått på for pensjonistforeninga i fleire år, men no fekk dei avløysing. Ny leiar vart Anne Lise Harstad, og Gudrun Nomeland kom og inn i styret, i tillegg til Nøste Nyberg og Tone Rike. Damene fekk med seg Kjetil Rike i styret.

**Tysdagskvelden** arrangerte Valle Bygdekvinnelag fleirkulturell kveld i Matsalen i kultursenteret. Dei hadde invitert kvinner frå andre land til å vere med, og det var ei samling utan menn til stades. Kvinner frå Afghanistan, Burma, Nigeria og Tsjetsjenia møtte bygdekvinner til ein triveleg kveld der dei hadde mykje variert mat frå alle stader i verda og variert prat på norsk. Dei innfødde måtte vel leggje av litt av dialekten, men rapport frå arrangementet fortalde om levande samtale og mykje nytt å lære for både norske og utanlandske deltakarar.

Sjølv sat eg i Valle Radio denne kvelden. Valle Radio fungerer som lim i Øvre Setesdal og samlar mange som elles sit aleine i stover rundt om og gjer dei ei felles oppleving. Sjølvsagt kan det ikkje måle seg med det sosiale fellesskapet ein har når ein møter kvarandre i same rom, men han har sin misjon likevel.

Program for 29. og 30. april 2008

Share

**Tirsdag 29. april **

Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Normisjon i Valle 2007 ved Torleif B. Harstad
20.00 Gospelhalvtime
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 30. april**

Teknikar: Inga Flateland

18:00 Kommunestyremøte

Sjå på http://www.valleradio.com/ for å finne lenke til å høyre på nettet.

Postludium frå Japan

Share

I kveld skal vi heilt til Japan. Der ligg det ein konsertsal som heiter CUBE concert hall, Shiroishi, Japan
Her er lenka til salen: http://www.lares.dti.ne.jp/~jubal/swm/swm-e.html

Den japanske orgelbyggjaren Tokugoro Obayashi, født 14. mai 1946 har bygd eit konsertorgel til denne hallen. 24 år gammal kom han i 1970 til Danmark for å lære orgelbygging hos Poul-Gerhard Andersen. Han vart der i fire år, og i 1978 opna han eiga orgelkonsulentverksemd i Japan. Seks år seinare opna han eige orgelbyggeri i Japan, det heiter Jubal.

Orgelet er eit fullt symfonisk orgel med fem manual og pedal, ferdig i 1997. Salen har vegger av glass og ein glimrande akustikk, 3 – 3,5 sekund, 1,8 – 2,3 sekund når han er fullsett med 600 tilhøyrarar. 115 stemmer gjev eit mektig brus, men det kan og lyde ganske så svakt. Lenke til stemmene: http://www.lares.dti.ne.jp/~jubal/swm/sispec-e.html

Vi skal starte med eit stykke herifrå av Edvard Elgar: Allegro Maestoso frå Orgelsonata opus 28, første gong framført 8. juli 1895. Då var det Hugh Blair http://en.wikipedia.org/wiki/Hugh_Blair_%28composer%29 som framførte verket, det skjedde i Worchester Cathedral i samband med eit møte for amerikanske organistar i den byen. Det blir sagt at Elgar bare brukte ei veke på å gjere ferdig konserten. http://en.wikipedia.org/wiki/Organ_Sonata_%28Elgar%29

Den amerikanske stjerneorganisten Carlo Curley, fødd i 1952, spelar på orgelet i CUBE Concert Hall, Shiroishi, Japan. http://www.lares.dti.ne.jp/~jubal/swm/sispec-e.html

Stykket har fire satsar og tek ein halv time. Vi hoppar over andre sats Allegretto let Carlo Curley spille 3. sats. Den heiter Andanto espressivo. Det gjer seg ikkje så godt på radio, for det er helst lågt, så eg rår deg til å skru opp lyden ganske mykje og heller godta at det vert litt høgt eit par plasser. Då vil du få best utbytte av dei neste sju minutta.

Vi skal så høyre Chanson de Matin, Morgonsong, frå 1899. Opprinneleg var både den og Chanson de Nuit skrivne for eit lite orkester, og så er det transkribert for orgel. Eit slikt stort orgel har godt høve til å spele slikt transkribert musikk, men det er ei utfordring å gje det att i radio. Men eg opplever i alle fall ein vårmorgon i denne musikken.

Til slutt får du eit stykke av ein heilt annan karakter, skrive av Zez Confrey, amerikansk organist og komponist, fødd same året som dei amerikanske organistane vitja Worchester, 1895. http://en.wikipedia.org/wiki/Zez_Confrey Han skreiv kanskje mest for piano, er kjent mellom anna for stykket Kitten on the Keys, Kattunge på tangentane. Eit anna stykke er Dizzy Fingers, spelt av Lyn Larsen. Om mine fingrar kunne skjelve så vakkert!

Overskot i rekneskapen

Share

Det er alltid gildt med overskot i rekneskapen, og då økonomisjef Wenche Erland Gundersen i Valle kommune var gjest i programmet **Kommunen informerer** onsdagskvelden, kunne ho fortelje om eit overskot på 2,5 millionar kroner i rekneskapen for 2007.

Før ho kom så langt, rosa ho revisor som hadde prioritert Valle i år. Det fører til at ein kan leggje fram rekneskapen i komande kommunestyremøte, altså i april, som vert sendt på radioen onsdag 30. april. Til vanleg har dette vore handsama i junimøtet, så at det kjem to månader tidlegare enn vanleg var ho svært nøgd med. Resultatet har vore oppe i utval og i formannskapet, så det er bare å setje seg ved radioen onsdagskvelden og høyre Wenche der, om ein då ikkje vil stikke innom i salen og få det med seg direkte.

Sjølv om det kjem i radioen onsdagskvelden, nemnde Wenche at dei totale driftsinntektene til kommunen var på 141 millionar. Av dette kjem 56 millionar frå kraftselskapa, altså 40 prosent. Totale driftsutgifter var 138 millionar, av dette er 61% løn. Finansinntekter og utgifter går i balanse. Overskotet vil politikarane (i alle fall i formannskapet) bruke til å delfinansiere bru og veg frå fylkesvegen til Brokke skianlegg. Dette er forskottering som ein vil få inn att ved utbyggingsavtalar etter kvart som folk byggjer der. Planen er i følge det som kom fram i eit program i radioen tidlegare at ein til neste år skal ha ferdig dette.

Wenche fortalde og om nokre store prosjekt ein har hatt i 2007:

Åsan 2 bustadfelt – byggeklare tomter
Vannledning Hovet/Nomeland
Ljosløypa på Furustøyl
Varmepumpe på kommunehuset og ventilasjon
Fiberkabler og aksessnett – held fram i 2008
Brannbil

Ho og Ørnulf Hasla hadde ein triveleg og interessant samtale om desse prosjekta.

Takk til Wenche som let meg få låne eit fyldig manuskript som grunnlag for innlegga på bloggen.

Tysk musikk i Valle Radio

Share

Det er ikkje mange som spelar tysk musikk i Valle Radio, men Wenche Erland Gundersen har gjerne med seg tysk musikk når ho er innom for å informere frå Valle kommune. Slik var det og onsdag, då hadde ho **Helene Fischer – mitten im paradies** og **Nik P – einen stern der deinen namen trägt**

Om Helene Fischer finn du meir på tysk wikipedia, sjå http://de.wikipedia.org/wiki/Helene_Fischer
eller den norske artikkelen her
http://no.wikipedia.org/wiki/Helene_Fischer

Om Nik P. finn du og meir på tysk wikipedia: http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.

Mellom desse platene fekk Wenche plass til fleire saker:

**Skanning av inngåande fakturaer**
Dette vert innført i Valle kommune samstundes som ein oppgraderer økonomisystemet. No skal alle fakturaer sendast til Valle kommune, postboks 4, 4747 Valle. Ein skal ikkje ha rekninger direkte til skulane eller andre etater, alt skal vegen om denne felles adressa for å bli skanna.

Wenche presiserte at ein på grunn av skanninga må stille krav til faktura: Helst svart skrift på kvit bakgrunn – org.nr, bankkonto, fakturanr. Og det er viktig å få med kven som har bestilt varen, ein skal oppgi ressursnummer. Forfall 30 dg. Om ein får handskrivne fakturaer, må dei skrivast inn manuelt, så det likar ein ikkje så godt.

Dei som skal attestere og tilvise vil ikkje får noko papir på pulten, men det poppar opp ei melding på mail at det ligger noko til tilvising på pc-en som dei må inn å klikke seg gjennom. Dei har ikkje fått opplæring eller informasjon ennå, ein set i gang i siste halvdel av mai.

**Skatt**
Wenche minna om at det er viktig å gå gjennom sjølvmeldinga, sjølv om ein no ikkje treng å levere inn om ein ikkje har korrigeringar. Oppgjeret kjem like før St. Hans, men sjølvstendig næringsdrivande må vente til hausten.

**Prosjekt**
Sentrale prosjekt i kommunen no er å få klart det som skal til for å bygge om på Valle skule. Ein reknar med å kome i gang rundt årsskiftet. Andre etasje er ferdig og brukarane er godt nøgd. Neste etappe er første etasje.

Eit anna prosjekt er gang- og sykkelveg til Honnevje. Den skal vere ferdig til badesesongen startar. Då Ørnulf lurte på om det kunne gå, dei er ikkje komne i gang ennå, meinte ho at dei nok skulle klare det, for førebuingane var gjort.

**Formidlingslån**
Den siste saka ho hadde på blokka si, var formidlingslån. Det er lån som kommunen låner inn frå Husbanken og så låner vidare ut til folk som vil etablere seg i eigen bolig for fyrste gong eller til vanskeligstilte som har behov for lån til bolig Det heiter startlån og kan brukast som eit andreprioritetslån til kjøp av bustad eller bygging av bustad. Det fylgjer Husbanken sine reglar, men vert handsama i kommunen. Valle kommune har ledige midlar innan denne type lån.

KOSTRA

Share

I **Kommunen informerer** onsdag 23. april hadde økonomisjef Valle kommune eit interessant og rikhaldig innlegg der ho og kom inn på nokre av KOSTRA-tala for Valle. Dette er eit system ein nyttar for å samanlikne kommunar sin bruk av ressursar mellom anna. Ho kunne då fortelje:

**Folketalet** har gått opp litt, frå 1320 til 1326, vi har plass til fleire og ledig kapasitet i skole og barnehage.

**Lånegjelda** vår er svært høg, den er på kr 55 tusen pr. innbyggjar, mens gjennomsnittet i Aust-Agder ligg på det halve.

**Barnehage** kostar kr 84 635 pr. innbyggjar 1-5 år – godt over samanlikningsgrupper

**Skule** kostar kr 106 387 pr. innbyggjar 6-15 år – over Aust-Agder, under gruppe 16

**Administrasjon og styring** kostar kr 11 167 pr. innbyggjar – langt over Aust-Agder, men under gr. 16

Det kostar kr 674 tusen å drive ein **sjukeheimsplass ** i Valle

KOSTRA data er tilgjengeleg for alle på internett – ssb.no – ureviderte tal foreløpig.

Gruppe 16 er gruppa av rike kommunar.

Ta turen innom http://ssb.no/ og sjå sjølv. Du må gå på KOSTRA under Andre innganger og når du vel Til tallene, kjem det opp høve til å velje kommune.

Improvisasjon

Share

Til onsdagssendinga 23. april hadde Ørnulf Hasla førebudd ein prat med Gunnar A. Helle og det han har gjort for å fornye Statoil Rysstad. Han hadde og gjort fleire opptak med barn som var på basaren på Helle laurdag. Så synte det seg at opptaket ikkje ville bli spelt på spelaren i radioen.

Då var gode råd dyre. Halve den aktuelle timen var basert på desse opptaka.

Heldigvis hadde banksjef Vidar Homme, som var første gjest i studio, høve til å vere med lenger enn planlagt. Dermed fekk vi ein informativ samtale om det å drive bank i ein utkant av Noreg. Vidar synte korleis utviklinga i verdsmarknaden har verknad på situasjonen i Valle Sparebank og krev at dei fylgjer godt med.

Det verka som om Vidar og Ørnulf trivdest god i lag under samtalen, og tida gjekk fort. Det var nesten ikkje tid til ein samtale med Åse Ingebjørg Homme på buss mellom Oslo og Notodden, der ho har bilen ståande når ho reiser til Oslo for å vere med på jordbruksforhandlingar eller anna i Noregs Bondelag. Ho er leiar av Aust-Agder Bondelag og frontar saker som bønder er opptekne av.

Det meste av stoffet som skulle brukast i programmet Landbrukstimen, der Ørnulf prata med Egil Åmlid og Arne Helle, var og «på boks», som vi seier. Men her verka minidisken slik som føresett, med unntak av innleiinga. Difor tok Ørnulf ein telefon til Egil og fekk rapport rett frå sauefjøset før opptaka vart spelte.

Det er ikkje bare i musikken ein kan improvisere.

Musikk i Open sending

Share

Å finne musikk til eit program kan gjerast på ulike måtar. Dei fleste går i radioen sitt store platearkiv, vi har vel 1000 plater å velje mellom. Ikkje alltid like lett å finne akkurat den songen ein gjerne vil bruke, noko hjelp kan ein få om ein leitar i 25.000 lydfiler som vi har i vårt arkiv av mp3-filer. Likevel er det mange som vel å ta med seg eigen musikk, anten på CD, som Wenche Gundersen gjer. Ho vil gjerne spele tysk musikk, og det er bare å erkjenne at det meste av musikken vår er i engelsk og amerkansk tradisjon. Andre tek med seg ein minnepenn med musikk dei har heime. Denne blir lagt inn på miksebordet hos oss, dermed har vi musikken klar. Det hadde Ronny Stavsholt gjort i gårsdagens Open sending. Dermed fekk vi høyre desse melodiane, som eg fann meir informasjon om i dei lenkene eg har lagt ved:

Freedom Cry med Deep Forest
http://en.wikipedia.org/wiki/Deep_Forest

What a Wonderful World med JJ Mittan

Visa frå Utanmyra med Jan Johanson
http://sv.wikipedia.org/wiki/Visa_fr%C3%A5n_Utanmyra
http://no.wikipedia.org/wiki/Jan_Johansson

Piece of My Heart med Emma Franklin

Hawaian Cowboy med Delta Cross Band

Que Te Parece Cholita med Charlie Musselwhite http://en.wikipedia.org/wiki/Charlie_Musselwhite

Og Ronnys spørsmål om kva Charlie Musselwhite vart kalla før, finn du kanskje svaret på her.

Marokkotur

Share

I Open sending onsdag 23. april var det Marokkotur. Grunnen til det var at Ronny Stavsholt var gjest hos Karin Bøe, og han hadde nyleg vore fem veker på tur til Marokko og Sahara. I løpet av sendinga kom det fram at det var ein blogg for turen, du som lurer på den og vil lese frå opplevingane hans, kan gå til denne lenka, der du og finn bilete frå reisa: http://www.vgb.no/30578

I løpet av sendinga klarte dei å leggje ut sju rebusar. Her er dei med tekstane som fylgde med.

Det er naturleg å ha rebusar der kveldens gjest kan fortelje litt. Difor tek vi utgangspunkt i ein av Ronny sine store lidenskapar, kanskje til og med litt av grunnen til at han er her i Valle.

**1. Fluefiske = Insekt + fange fisk**

Ronny var tidlegare i vinter på tur til landet som Baba kjem frå. Kva det landet heiter, finn du ved å løyse rebusen.

**2. Marokko = Bilorganisasjon + redskap til å spinne med + Blodtype**

Det er jo naturleg å spørje kva slags språk dei snakkar i dette landet.

**3. Arabisk = Papegøye + kjælenavn på hund**

Og så kan det vere greit å kjenne namnet på hovudstaden i landet, med 1,2 millionar

**4. Rabat = Prisnedslag – nr. 20 **

Den største byen i Marokko har heile 3,5 millionar innbyggjarar. Namnet betyr det hvite hus.

**5. Casablanca = Omtrent + forferdelig (dialekt) + nr. 14 + Kalsium**

Det er ikkje ofte vi høyrer om Marokko i nyhetene her i Norge. Men om vi gjer det, er det gjerne i samband med at folk prøver å kome seg over Middelhavet til Spania frå den nordlegaste byen. Kva heiter den?

**6. Tanger = Plante som veks i sjøen + lever**

Sjølv om Ronny kom til Marokko over Tanger, tvilar eg på at han vart verande der. Han fann seg nok heller ein stad litt høgare i terrenget.

**7. Atlasfjella = Kartbok + dei høge berga**

Dei som kom inn i studio denne kvelden, var

Turid Brottveit
Gunnar Bø Heddeland
Gunn Marita Jomås, to gonger, frå ulike telefonnummer
Johanna Solheim
Knut Bø Andersen
Torleif Harstad

Takk til Karin og Ronny for ein interessant kveld. Det var Ronny som hadde funne musikken til programmet, den var variert og god å lytte til.

Program for 22. og 23. april

Share

**Tysdag 22. april 2008**

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Homecoming Gospel Music
20:00 Langs hver en vei med Ørnulf Holthe
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 23. april 2008**
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Harald Haugland (vikar for Torhild Sandnes)

18:00 Ørnulfs time med gjester
19:00 Kommunen informerer ved økonomiavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Landbrukstime. Egil Åmli og Arne Helle.
21.00 Open sending ved Karin Bøe og Ronny Stavsholt