Sentrumsplan i Valle

Share

I morgon er det møte om korleis sentrum i Valle skal utformast. Det er i kommunestyresalen i Valle klokka 18.00. Med på møtet vert ein representant for Husbanken og folk frå arkitektkontora Gaia og Grønn Strek. Dei har arbeidd med temaet tysdag og onsdag før møtet, så dei vil ha eit visst grunnlag til å bringe inn element i diskusjonen, men kommunen ynskjer at fleire skal seie si meining.

Leiar i planutvalet, Rune Mikkelsen, fortel til Setesdølen at ein vil dele planen i to og ha ein del som skal arbeide med emnet om sentrumsnære bustadtomter, jamfør etterspurnaden etter slike på møtet som vart overført i Valle Radio i samband med kommunestyremøtet i februar. Den andre delen vil ta føre seg den delen av sentrum som ein kan kalle det offentlege rom, altså det som er handlestaden og møtestaden for folk flest som kjem til bygda.

Eg har bede Ørnulf Hasla om å lage eit intervju om temaet med nokre av dei som kjem utanfrå for denne workshopen, som det heiter på den nynorsken som er nyare enn nynorsk. Det vil verte sendt i den aktuelle timen i onsdagssendinga.