Gullklokke og ymist anna

Share

I onsdagssendinga var Torleif B. Harstad med og fortalde om årsmøtet i Coop Valle BA, som skulle vere same kvelden. I daglegtale seier nok dei fleste Valle Handel framleis, men no er det eit par år sidan butikken bytte namn og vart ein integrert del av Coop, sjølv om dei står som eigen butikk og ikkje er inne under paraplyen på Sørlandet, slik som Rysstad samvirkelag er.

Torleif kunne fortelje at medan ein før hadde hatt auksjonar som hadde vore svært populære, var dei no gått over til å gje alle som møtte fram på årsmøtet eit gratislodd til eit lotteri med svært fine gevinstar. På årsmøtet fekk Ingrid Brottveit gullklokke etter 30 år i butikken.

Vi gratulerer, eller som det heiter på engelsk: Congratulations. Det var melodien vi spelte etter at Torleif hadde vore i studio.

**Leif Kvinlog og Folkeakademiet**
Sist veke var det årsmøte i Folkeakademiet, og leiar Leif Kvinlog kom for å fortelje korleis det hadde gått. Folkeakademiet har både einskildmedlemer og organisasjonar som medlemer, og dei hadde vore 8 personar til stades på møtet. Ettersom Leif har fått seg jobb som rektor på Laudal skule, ein barneskule i Marnardal kommune, flytter han frå Valle i år. Difor vart Malmfrid Nyborg Homme, som har vore nestleiar i Folkeakademiet, vald til ny leiar. Leif har og vore leiar i Agder, men i fjor gjekk han ut av fylkesstyret. Her er lenke til Folkeakademiet på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Folkeakademiet

I 2007 hadde Folkeakademiet i Valle 14 arrangement med eit snitt på vel hundre deltakarar på kvart. Det største arrangementet hadde dei på Protestfestivalen i Kristiansand, med over 300 deltakarar.

**Lusekofte**
Medan Leif var i studio, tok vi ein telefon til Annemor Sundbø, som var i Danmark og heldt foredrag om Tråden i fillehaugen i ein organisasjon som tilsvarar Folkeakademiet, dei kallar det Aftenskolen. Bakgrunnen var den interessa som det har vore for lusekofter i avisene siste tida. Annemor meinte det var godt med PR for strikka plagg, den siste tida hadde ho hatt mange spørsmål frå aviser og etermedia. Den onsdagen hadde ho fått spørsmål om vere med i Frokost-TV, men det kunne ho ikkje, ettersom ho var i Danmark. http://no.wikipedia.org/wiki/Annemor_Sundbø

Då vi hadde lagt på, kom eg til å spørje Leif om Annemor hadde vore i Folkeakademiet i Valle, men det hadde ho ikkje. Han meinte det kunne vore interessant å engasjert henne til ein turne på Agder og.

**Sentrumsutvikling**
Det var sentrumsutvikling som sto på dagsorden i siste del av den aktuelle timen. Ørnulf Hasla hadde laga eit intervju med dei som skulle ha møte i kommunestyresalen denne onsdagskvelden. Vi skal prøve å kome tilbake til det. Her er url til Valle kommune si melding om møtet: http://www.zootme.com/vallefolkemote/