Rønnaug Torvik i Operakoret

Share

I samband med innviinga av Den Norske Opera er det etablert eit kor med representantar frå dei fleste kommunane i Noreg. Valle har ingen representant med, men Rønnaug Torvik frå Bykle har fått plass i det 450 stemmers store koret. Det var opprinneleg plan at det skulle vore endå større, men ein meinte at det vart for tungt for konstruksjonen om det kom 150 songarar til.

Det dei skal syngje er Slavekoret frå Nebukadnesar av Verdi. Eg måtte til dansk wikipedia for å finne ei lenke til denne operaen, http://da.wikipedia.org/wiki/Nabucco

Onsdagskvelden hadde Øyvind Jacob ein prat med Rønnaug om arbeidet før konserten. Dei hadde hatt ei samling i Oslo og øvd på stykket, og i dag reiste ho inn for å gjere siste finpussen saman med alle dei andre.

På denne måten fekk Rønnaug høve til å vere med på ei historisk hending. Om ein skulle kjøpe billett, måtte ein vere sponsor med minst 250.000 kroner i sponsoravtalen. Og bare 200 ordinære billettar var til sals.

Heldigvis vil ein kunne sjå det på NRK1 laurdagskvelden. Rønnaug meinte det skulle sendast om lag klokka 21.15, så her er det bare å setje seg ned og fylgje med i programmet.

Rønnaug fortalde og at dei sundag skulle få omvisning i huset før dei dreg heim att, og at ho gledde seg til det, for om ein reiser inn som vanleg gjest til ei framsyning, får ein ikkje høve til slikt.

Vi kryssar fingrar for henne og ynskjer god tur og god sang.