Opera

Share

Det vart ei spektakulær framsyning i TV då opninga av Operahuset i Oslo gjekk av stabelen. Slavekoret var ikkje bare ein vakker song, men var tydelegvis eit symbolsk stykke: Med songarar frå heile landet og frå dei som hadde arbeidd med å byggje huset. http://no.wikipedia.org/wiki/Operahuset

Eg fekk ikkje auga på Rønnaug Torvik, men Reidun såg ein songar i Setesdalsstakk. Det var og ein mann i dalebukse der, den såg eg. Men det er jo ikkje så lett å finne kjende i ei forsamling på 450 personar, bileta flagrar forbi og synet vert litt dimma av den vakre klangen og det vakre synet av bunader frå heile landet.

Eg er glad i vakker song, men truleg er eg laga for enklare verk enn dei mest intrikate ariar. Likevel vart eg sitjande framom TV heile laurdagskvelden, det er lenge sidan noko har halde meg så lenge framom skjermen. Fleire gonger dukka Nordic Tenors opp, dei hadde eg nyleg lese om på wikipedia, så det var jo hyggeleg å sjå dei i levande live. http://no.wikipedia.org/wiki/Nordic_Tenors

Elles hadde eg nok likt om namna til utøvarane hadde kome opp på skjermen, Arild Erikstad sa stykka og også namna nokre gonger, men når det fyk fort forbi og ein ikkje er merksam ein augneblenk, får ein det kanskje ikkje med seg, slik var det i alle fall for meg. Men eg har jo høve til å gå inn på nettsida til Den Norske Opera og sjå programmet på http://www.operaen.no/